Er dette framtidas arbeidsliv?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Olja stuper, og Uber og Airbnb riv tradisjonelle forretningsmodellar i fillebitar. Ein rapport utarbeidd av Stiftelsen för Strategisk Forskning bereknar at halvparten av svenske jobbar forsvinn til datamaskiner og robotar innan 20 år.

LES OGSÅ: Vil spesialisera seg i fornybart

Nye tider
Det er med andre ord usikkerheit rundt arbeidsplassane i framtida. Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør i Innovasjon Noreg, meiner Noreg heng etter i å tilpassa seg eit arbeidsliv i endring der det i framtida vil verta færre faste jobbmoglegheiter.

– Eg meiner vi bør vera nysgjerrige i Noreg, og førebu oss på at deler av den utviklinga vi ser, til dømes i USA, òg vil treffa oss, seier Krohn Traaseth.

Ifølgje Krohn Traaseth vil utviklinga føra til større mangfald av arbeidsplassar framover, og utradisjonelle arbeidsplassar, som kjem med den nye delingsøkonomien og digital utvikling, vil kunna erstatta dei som forsvinn.

– «Alle i arbeid» er ikkje einsbetydande med at alle skal vera i fast arbeid. Vi kjem til å ha eit større miks av mellombelse tilsette, frilansarar og gründerar. Eg trur det betyr at studentar som gjer seg klare til arbeidslivet no vil ha fleire arbeidsstatusar gjennom karrieren.

LES OGSÅ: Erna vil ikkje forby Uber

Stor suksess
To studentar som har freista å skapa sin eigen jobb er Jakob Palmers (25) og Erik Sandsmark (25). Dei tek master i forretningsutvikling på NTNU sin Entreprenørskole. Dei er gründerane bak Graphiq, ei plattform som koplar grafisk designarar med potensielle kundar. Graphiq er ein formidlingsteneste med likskapstrekk til drosjetenesta Uber.

Gründerduoen har i dag 45 registrerte designarar. Etterspurnaden har vist seg å vera stor. Det er mange som vil jobba frilans samstundes som det har mangla ei plattform for å kopla arbeidsgjevarar med designarar:

– Vi gjennomførde ei rask undersøking av marknaden og fann då ut at det var eit stort behov for ei teneste som kunne levera grafisk design on demand. To dagar etter lansering hadde vi det første salet vårt, fortel dei stolt.

– Kjem de til å søkja etter ei fast stilling etter kvart?

– Nei, og vi trur det er ganske viktig å ikkje ha ein back-up plan, fordi det kan halda deg igjen frå å lukkast med hovudplanen. Back-up planen vår er i så fall å starta opp ei annan gründerverksemd, seier dei.

LES OGSÅ: Mange unge ser til Sogn og Fjordane

Tenk deg godt om
Er du ein som har ein gründer i magen og vil skapa din eigen arbeidsplass, må du tenkja deg godt om. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at over ein periode på fem år (2008-2013) var berre 3 av 10 nye føretak enno i drift.

For mange gründerar er den mangelen på finansiering som gjerne fører til at ein idé aldri forlèt skissebordet. Studentane bak Graphiq rår folk til å starte opp i studietida.

– Fordelen vår er at vi har Lånekassa i ryggen. Men skal du slutta i den faste jobben din for og så starta opp for deg sjølv, så er du heilt avhengig av ein annan type finansiering. Det er eigenleg berre ei oppfordring til studentar om å starta opp for seg sjølv i studietida. Derimot trur eg òg at mange undervurderer kor mye ein kan få til utan nokon særleg mykje kapital, påpekar Sandsmark.

LES OGSÅ: Vikarar får raskt jobb

Skapte debatt
Unge menneske er «ikke opptatt av faste arbeidsplasser i den grad vi tenker faste arbeidsplasser. De vil ha frilansdelen og friheten» sa Anita Krohn Traaseth på Agderkonferansen i januar. Det skapte stor debatt, og ho følar seg misforstått.

– Eg har aldri konkludert med at «norske unge ikkje vil ha fast jobb eller eiga bustad». Under Agderkonferansen gjekk eg gjennom internasjonale trendar og utvikling, seier Innovasjon Noreg-direktøren.

Krohn Traaseth legg trykk på at endringane som kjem vil møtast av ein generasjon godt rusta til å handtere risiko; denne generasjonen vil også ha andre preferansane enn foreldra sine med mindre fokus på fast jobb og eigen bustad. Men ho legg til:

– Det betyr ikkje at denne generasjonen vil forkasta alt tidlegare generasjonar har bygd opp. Eller at ingen vil ha fast jobb og følgja blindt og naiv internasjonale trendar. Men eg trur de vil løysa og leva med dette på andre måtar enn tidlegare generasjonar.

Om Graphiq er spydspissen for eit nytt norsk arbeidsliv gjenstår å sjå. Enn så lenge er fast jobb normalen. Arbeidslivsforskar Cathrine Egeland ved Høgskulen i Oslo og Akershus seier til Dagens Næringsliv at den totale andelen som jobbar frilans eller har mellombelse kontraktar har over lengre tid vore på omtrent 8 prosent.

Denne saka er henta frå Universitas