Mange unge ser til Sogn og Fjordane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For ein geolog finst det knapt eit meir interessant fylke, seier Vilde Dimmen (24) frå Ulsteinvik til sognavis.no. Ho trekkjer fram utfordrande jobboppgåver, fantastisk natur og perfekt lokalisering som gode argument for å busetja seg i fylket.

Ho får støtte av geolog Fredrik Karlsen (24) frå Bergen.

– Kombinasjonen av spennande jobbmoglegheiter og friluftsliv er svært attraktiv. Me må berre finna draumejobben først, seier han.

Dei to var blant 850 deltakarar som onsdag fylte Grieghallen under karrieremessa til Framtidsfylket, som er merkevarenamnet til Sogn og Fjordane for jobb og rekruttering. Det er tiande gongen messa blir arrangert, og besøkstalet i år er ny rekord.

– Det er utruleg kjekt å sjå så mange flotte ungdommar som er interesserte i karrieremoglegheiter i Sogn og Fjordane. Interessa går langt forbi våre «eigne» ungdommar, seier Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket til avisa.

Framtidsfylket har òg arrangert liknande messer i Trondheim og Oslo. Til saman har dei tre messene samla 1.500 deltakarar, blir det opplyst. (©NPK)

LES OGSÅ: – Feil å tenkja at viss du forlét byen, så seinkar du ambisjonen