I pilotprosjektet «Fishing for Litter» som no startar opp, skal fiskarar gjere sitt mot marin forsøpling.

NPK-Benedikte Grov
NPK-Benedikte Grov

Førebels er det hamnene i Egersund, Ålesund og Tromsø som er involverte i prosjektet, fortalde Kjersti Busch frå bedrifta Salt under Hold Norge Rent-konferansen om marin forsøpling tysdag.

Miljødirektoratet leier prøveprosjektet, medan Salt Lofoten AS har fått ansvar for det operative arbeidet. Verksemda Nofir skal ta imot og gjenvinne avfallet som er fiskerirelatert.

– Målet med Fishing for Litter er å fjerne marint søppel frå havet, auke medvitet til fiskarane når det gjeld eige bidrag av søppel i miljøet, overvake regionale trendar i marint søppel og undersøkje moglegheita til å gjenvinne mesteparten av dette avfallet til nyttige produkt, fortalde Busch under konferansen.

– Ein dugnad
Ifølgje Miljødirektoratet er det anslått at rundt 70 prosent av marint avfall hamnar på havbotnen, 15 prosent kjem i land på strendene, medan 15 prosent flyt rundt på hava. Fiskebåtane som deltek i prosjektet skal samle marint avfall under normalt fiske.

– Fishing for Litter handlar om at fiskarane sjølve skal vere med på ein dugnad for å ta opp både tapte fiskereiskapar og alt søppel som dei får i reiskapane. Det er viktig å poengtere at dreier seg om avfallet som kjem i reiskapane, det er ikkje avfallet som blir generert om bord i båten, sa Busch.

Ho fortalde at prosjektleiinga har besøkt årsmøtet i Kystfiskarlaget, Fiskarlaget og Fiskebåt, og halde føredrag om Fishing for Litter og konsekvensane av marin forsøpling.

– Vi opplever at der er ei stor interesse frå fiskarar til å vere med på prosjektet.

LES OGSÅ: Øl-svolten torsk

Funne løysingar
Fishing for Litter starta som eit nasjonalt tiltak i Nederland i 2000, men har seinare vore i drift i fleire andre land. Her i Noreg starta førebuinga til pilotprosjektet i haust.

– Vi har funne løysingar for korleis avfall skal kunne handterast om bord på fiskefartøy. Så etablerer vi eit system på land i samarbeid med ulike avfallsselskap og ulike hamner, der fiskarane kan levere frå seg avfall, opplyste Busch.

– Derfrå er målet at det aller meste av avfallet om bord skal kunne gjenvinnast. Det er vi spente på om vi har lukkast med, fordi tilgrodde reiskapar er vanskelege å gjenvinne. Ein er avhengige av at fiskarane skyl og reingjer avfallet før det kjem på land, fortalde ho.

I tillegg til dei tre hamnene som alt er involverte, vil Karmøy også vere med i prosjektet så snart budsjettrammene er avklara, fortalde Busch. I kvar hamn er det kring fem til sju fartøy med i pilotordninga.

– Meir plast enn fisk
Ein rapport frå World Economic Forum anslår ifølgje Miljødirektoratet at det innan 2050 kjem til å vere meir plast enn fisk i havet, om ikkje noko blir gjort.

– Fiskarar blir ramma direkte av den stadig aukande mengda marint avfall i hava våre. Dei må bruke tid på å reinse reiskapane fri for søppel. Deira frivillige innsats gjennom Fishing for Litter vil derfor kome både næringa og samfunnet til nytte og er eit bidrag til at vi kan få eit reinare hav, uttaler direktør i Miljødirektoratet Ellen Hambro. Hambro trur erfaringane frå prosjektet blir nyttige i arbeidet med å finne tiltak og verkemiddel for å redusere marin forsøpling.

– Dette blir omtala som eit pilotprosjekt, vi håpar at det skal bli eit mykje større prosjekt i framtida. Vi har håp om å få med fiskerinæringa på finansieringssida, slik at dette blir eit prosjekt som er etablert over heile landet, sa Kjersti Busch frå Salt under Hold Norge Rent-konferansen. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

LES OGSÅ

ANNONSE