Politiet aksjonerte mot Natur og Ungdom

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her fjernar politiet aksjonistane

Nordic Mining har fått løyve til å grave fram mineralet rutil frå Engebøfjellet i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane.

LES OGSÅ: Regjeringa seier ja til sjødeponi i Førdefjorden

Klaga til Kongen
Noreg har fått mykje kritikk for å opna for at selskapet får dumpe gruveavfallet Førdefjorden, utanfor bygda Vevring.

Planane er klaga inn til EFTAs overvakingsorgan ESA og til Kongen i statsråd.

Sjølv om klagene enno ikkje er behandla, har selskapet har fått løyve til å sette i gang med prøveboringar frå tysdag, ifølgje Natur og Ungdom.

Aksjonistane frå ungdomsorganisasjonen til Naturvernforbundet hadde i dag tidleg sett opp traktordekk, nokre trebukkar og ein lavvoo, slik at anleggstrafikken ikkje kom fram.  

LES OGSÅ: Natur og Ungdom blokkerer vegen ved planlagt gruveanlegg

Fysiske hindringar
Dette synet møtte dei som i dag freista å ta seg fram til anleggsområdet i Engebøfjellet:

Fleire av aksjonistane var frå området og lokale støttespelarar stilte med bollar og suppe.

Direktør i Nordic Mining Ivar Fossum møtte aktivistane for å få dei til å flytta seg, utan hell.

LES OGSÅ: Ingrid skjoldvær er ny leiar i NU: Lovar kamp mot olje og gruvedumping

«Nordmannen» 
Då politiet kom song aksjonistane «Nordmannen» av Ivar Aasen, som ofte vert kalla «Mellom bakkar og berg». 

Ifølgje Natur og ungdom sine Twitter-oppdateringar frå aksjonen, fekk aksjonistane 15 minutt på seg til å fjerne seg frivilleg frå området.

17 politifolk og brannvesen skal, ifølgje Natur og Ungdom sitt eige magasin Putsj, ha delteke i aksjonen.

Då dei framleis nekta å fjerne seg greip politiet inn.

Aksjonistane vart skorne laus og borne bort. 

Leiaren lovar meir
Litt etter klokka 14.00 var aksjonistane frakta bort av politiet.

Leiar Ingrid Skjoldvær og dei andre aksjonistane vart frakta til Florø politistasjon.  

– Me venta at det skulle skje, men me gir oss ikkje med dette. Me vil halde fram med aksjonane framover – så lenge det trengs. Me har aktivistar klare som er villige til å lenka seg òg dei neste dagane og vekene, seier Skjoldvær til Putsj.

 LES OGSÅ: Reiselivet i vest kritisk til deponi i Førdefjorden