Marius Myklebust, Møre-Nytt
Marius Myklebust, Møre-Nytt

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

– No er prioriteten å sende ut dei som har fått avslag på søknaden sin. Så sjølv om Ørsta har vedteke å busette flyktningar, får vi ingen per i dag, sa Bård Flekke, leiar for flyktningkontoret i Ørsta, under ei orientering til levekårsutvalet i førre veke.

LES OGSÅ: Nordmenn er redde for å bli smitta av flyktningar

Vekst i 2017
Det er difor venta at Ørsta og andre kommunar får svært få flyktningar til busetting i første halvår. Saksbehandlinga går seint både for asylsøkjarar som har fått opphald og for mottaket av overføringsflyktningar frå FN-systemet.

– Men vi ser føre oss ein kraftig vekst i andre halvår og i 2017, sa Flekke.

Fleire politikarar tok til orde for at «daudtida» bør brukast til å førebu mottaket og integreringa av flyktningane.

 – Eg meiner det blir gjort for lite for å legge til rette for møte mellom flyktningane og resten av lokalbefolkninga, sa Eli Birkeland (KrF).

LES OGSÅ: Ordførar: – Som om Bergen skulle fått 2.000 flyktningar

Polen og Eritrea
Rådmann Wenche Solheim var ikkje samd, og lista opp fleire tiltak som kommunen har gjennomført.

– Vi har kulturkafeen på Kaihuset, som samlar mykje folk kvar gong han blir arrangert. I tillegg har vi starta opp med samtalegrupper på biblioteket og flyktningane får praksis på arbeidsplassar som ein del av undervisninga.

Sidan 2011 har Ørsta busett 106 flyktningar, i tillegg til 10 som har kome gjennom familieforeining. Det bur no folk frå 153 forskjellige land i Ørsta, men berre 30 prosent er å rekne som flyktningar. Den største innvandrargruppa er polakkar, medan eritrearar utgjer den største flyktninggruppa.

LES OGSÅ: Inviterer til akademisk dugnad for flyktningar

Dårlegare sysselsetjing
Målet er at flest mogleg av flyktningane skal over i arbeid eller utdanning etter fullført introduksjonsprogram. I 2014 avslutta 18 flyktningar introduksjonsprogrammet, og 61,1 prosent av dei gjekk over i arbeid eller utdanning. Dette reknar flyktningkontoret som eit godt resultat.

– I 2015 var det svakare. Då gjekk 41,1 prosent over i arbeid eller utdanning. Mange av dei som ikkje klarer dette, startar i grunnskuleopplæring for vaksne. Dette blir ikkje reknar som utdanning, orienterte Bård Flekke.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07
ANNONSE