Verdas einaste nynorske barnebokfestival skal ha kjærleik som tema – og Sortland som festivalforfattar.

Redaksjonen
Redaksjonen

– Falturiltu, verdas einaste nynorske barnebokfestival, er svært stolte av å presentera Bjørn Sortland som festivalforfattar i 2016, heiter det i pressemeldinga frå arrangørane.

LES OGSÅ: Ny rekord på Falturiltu

Forfattaren debuterte i 1992 og fekk sitt gjennombrot allereie året etter med biletboka Raudt, blått og litt gult, som han laga saman med illustratøren Lars Elling.

Sortland har seinare skrive over femti bøker, hovudsakleg for barn og unge. Bøkene hans er omsett til over tjue språk, og dei har sikra han ei lang rekke prisar i inn- og utland.

Tema for Falturiltu 2016 er kjærleik. Sortland har ofte skildra kjærleik mellom menneske i sin forfattarskap, men denne er også heilt gjennomsyra av kjærleik til kunst, og særleg biletkunst, ifølgje pressemeldinga.

Sortland har skrive bøker inspirerte av ei rekke av dei største malarane i vestleg kunsthistorie, som Giotto, Chagall og Kahlo, og han har samarbeidd med fleire av dei beste nolevande norske illustratørane, bl.a Trond Bredesen, Elisabeth Moseng, Lars Elling, Fam Ekman, Hilde Kramer, Kim Hiorthøy og Øyvind Torseter.

LES OGSÅ: Ny reol på Norli

Allereie på Vossajazz i påsken deltar Bjørn Sortland på eit Falturiltuarrangement.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE