NPK
NPK

Kommunesamanslåing vil gi dårlegare kår for nynorsken, trur ordføraren i nynorskkommunen Åseral, og får støtte av språkprofessor.

– Det er lettare å ta vare på den lokale kulturen og språket i ein liten kommune. Eg er heilt overbevist om at nynorsken blir kraftig utfordra om vi blir del av ein større kommune, seier ordførar Oddmund Ljosland (Sp) i Åseral kommune i Vest-Agder til NRK.no.

Ordføraren trur også nynorskbruken er viktig for å ta vare på dialektane. Han vil kjempe for at Åseral framleis skal vere ein nynorskkommune. Heller ikkje språkprofessor Sylfest Lomheim trur samanslåing og større einingar er ein fordel for nynorsken. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

LES OGSÅ

ANNONSE