Bør elevar få berre éin karakter i norsk – og ikkje tre, som i dag? Ein forskingsrapport finn førebels ikkje grunn til det.

NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal
NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal

Hausten 2013 starta eit prøveprosjekt for å vurdere om karakterar i skriftleg hovudmål, skriftleg sidemål og munnleg norsk er for mange. Bør tre norskkarakterar erstattast med berre éin eller to?

Forskarane Idunn Seland, Berit Lødding og Tine S. Prøitz har undersøkt om færre karakterar kan vere svaret på utfordringane i norskfaget.

– Svaret vårt på dette spørsmålet er eit nei, eller nei, ikkje umiddelbart, skriv forskarane i NIFU-rapporten, som blei lagt fram torsdag.

Rapporten er likevel berre første steg på vegen og baserer seg på ein gjennomgang av litteraturen i faget. Forskarane understrekar at dei derfor tek atterhald i konklusjonen sin.

Likevel meiner dei det er grunn til å stille spørsmål ved om færre karakterar vil løyse problemet norskfaget slit med. Så lenge alle kompetansemåla i faget skal telje med i vurderinga og det ikkje er forskjell på kva elevar i forsøksklasser og ordinære klasser skal lære, ser dei liten gevinst.

– Interessant
Då ein debatt om norskfaget gjekk for nokre år tilbake uttrykte Noregs Mållag skepsis til ein felleskarakter, mellom anna fordi dei meinte karakterar er styrande for undervisninga.

– I lys av debatten som gjekk i 2012 og 2013, er det interessant at den første delrapporten konkluderer med at å redusere talet karakterar kanskje ikkje er svaret, noko vi også meinte, seier leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø til Nynorsk pressekontor.

Ho er spent på kva dei neste rapportane frå Nifu vil seie om nynorskkompetansen til elevane som deltek i forsøket.

– Det blir interessant for oss å sjå, seier mållagsleiaren.

Leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø. Foto: NM

Mange positive
Mange lærarar som har delteke i prøveprosjektet har hatt gode erfaringar, seier norsklærar og sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet Thom Jambak til NTB.

– Dei er veldig fornøgde med at det er færre karakterar. Det handlar om mindre vurderingspress og vurderingsstress både for lærarar og elevar, seier han.
Stadige tilbakemeldingar går på at lærarane er frustrerte over tidspress, auka dokumentasjonskrav og smale mål i eit breitt fag. Samtidig tyder erfaringane på at sidemål og kulturdelen av norskfaget blir mindre vektlagt når det blir færre karakterar.

– Det er eit problem vi må ta alvorleg. Sidemålsundervisninga kan bli dårlegare når det ikkje blir gitt ein eigen karakter, seier Jambak.

Spør lærarane
I løpet av våren skal forskarane snakke med lærarane som har delteke i prosjektet og spørje dei korleis dei opplevde den nye ordninga. Det vil gi grunnlag for ein ny delrapport, som er planlagt i desember.

Forsøket starta med ei gruppe utvalde vidaregåande skolar. Kvart halvår fekk elevane ei vurdering med éin eller to karakterar i norsk.

I fjor haust blei forsøket utvida til også å gjelde ungdomsskular. Skular i Bergen, Kongsberg, Nesodden, Tromsø, Asker og Oslo slo saman norskkarakterar for elevar i 8. og 9. klasse.

Målet med studien er å sjå på om færre karakterar vil vere betre for norskundervisninga og vurderingane som elevane får.

Forskarane stiller spørsmål om kva for problem færre karakterar eventuelt vil løyse. Skal ein diskutere å redusere karakterar, vil det vere nødvendig å gå tilbake til læreplanen og også til sjølve grunnlaget for utdanningsreforma Kunnskapsløftet, påpeiker dei.

Undervisninga varierer
Norskfaget er svært vidfemnande og lærarar klagar over at faget manglar kjerne og klare retningslinjer for prioritering, ifølgje rapporten.

Det har ført til at undervisninga varierer frå skule til skule, og at kvar enkelt lærar har sin måte å organisere undervisninga på. Særleg litteraturundervisninga er kjenneteikna av varierande forståing og ideal.

– Sjølv om praksisen varierer mellom enkeltlærarar og skular, tyder dei gjennomgåtte bidraga på at praksisen til lærarane er gjennomtenkt, og at han er forankra i læreplanen, skriv forskarane.

Gjennomgangen viser at det er det skriftlege arbeidet elevane gjer som i størst grad blir vurdert. Tilbakemeldingar frå lærarane om dei munnlege ferdigheitene til elevane kan skildrast som svakt utvikla, heiter det i rapporten frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (Nifu). (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

Kommentarar

ANNONSE