Dagbladet leier an i Gullbarbie-kåring
Éi knapp veke igjen til kåringa av den som er best til å få ungdom til å føla seg verst.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sidan 2010 har Press delt ut prisen Gullbarbie.
Ei gullfarga Barbiedokke blir utdelt til reklame- eller medieaktøren som er «best på å få ungdom til å føle seg verst». I år er Dagbladet, Brun og Blid og Proteinfabrikken dei nominerte. Fram til no er Dagbladet på førsteplass, men Brun og Blid ligg på ein god andreplass.
Aktørane er nominerte på grunn av unødvendig seksualisering av sin reklame, gamle kjønnsroller og einsidige og uoppnåelege skjønnheitsideal.
Press har eit ungdomspanel som vurderer alle kandidatane som har kome inn, og deretter blir dei tre nominerte valt fram på demokratisk vis.
– Gullbarbie har vekse enormt! I løpet av seks år har stemmetala auka frå rundt 500, og midt i konkurransen no har me 9000 stemmar. Samstundes får konkurransen mykje meir mediedekning no. Det betyr nok mykje at psykisk helse, kroppspress og krysspress har blitt sett på dagsorden av mange ulike folk. Det er bra! seier leiar i Press, Karoline Steen Nylander.
LES OGSÅ: Bråkmakar for barns rettar
Oppgjer mot det enorme presset
– Gullbarbie-kåringa er eit gylden sjanse til å skape blest og debatt om eit tema som fortener auka offentleg merksamheit, nemleg skjønnheits- og kroppspresset mot ungdom. Det er eit tema som også me i Dagbladet er opptatt av og skriv mykje om, fortel Hilde Schjerve, fungerande nyheitsredaktør i Dagbladet.
Hilde Boberg Andresen, tidlegare leiar i Hordaland SU, meiner at Gullbarbie er viktig fordi det gjer ungdommen mogelegheita til å kommentere tilbake.
– Det er viktig fordi det tar eit oppgjer med det enorme presset ungdom blir utsett for, meiner Andresen.
Det viktigaste er å stemme
Dagbladet ønskjer ikkje å vinne denne prisen.
Avisa meiner dei ikkje fortener å vinne sidan medvitet rundt korleis framsida deira ser ut er skjerpa når det kjem til å illustrere saker om kropp og slanking.
Dei bruker til dømes ikkje vaskebrettmagar eller syltynne modellar til å illustrere ei sak om helsefarleg magefeitt.
– Skriv me om slanking, har saka helsefokus og ikkje utsjånadsfokus. Dette opptar oss nettopp fordi me ikkje ønskjer at helsejournalistikken vår skal fremje usunne kroppsideal.
Press er usikker på kva som er årsaka til at Dagbladet leier. Dei trur det han ha noko med at avisa er vanskeleg å unngå. Ho er i alle butikkar og kioskar.
– Eg meiner at mange synest Dagbladet er ein verdig vinner fordi dei har eit stort ansvar som nyheitskjelde, seier Nylander i Press (bildet).
Andresen meiner det kan vera fleire som kan oppfatte avisa som litt ubehageleg. Ho meiner òg det er ekstra tøft av Press å kritisere eit av Noregs største medium.
– Det viktigaste er at flest mogleg går inn og stemmer og gir beskjed, uavhengig av om dei vil stemme på Brun og Blid, Dagbladet eller Proteinfabrikken, fortel Andresen
Lyttar til innspel
– All den tid overvekt og inaktivitet er eit stort folkehelseproblem vil Dagbladet framleis ha fagleg basert innhald om helse og kropp. Dette meiner me er ein del av vårt samfunnsoppdrag. Men me lyttar til alle kloke innspel – anten det kjem frå våre lesarar eller andre meiningsberar – til korleis me kan gjere papiravisa vår endå betre, avsluttar Schjerve.
Faktaboks
Press er ungdomsorganisasjonen til Redd Barna
Det er ein partipolitisk og religiøst uavhengig organisasjon for ungdom mellom 13 og 25 år.