Når noko ikkje fungerer, krever vi ofte at «dette må skulen gjere noko med». Denne professoren vil ha ad hoc-reformer i staden for store reformer.

Joachim Kroken Åsebø/Møre-Nytt
Joachim Kroken Åsebø/Møre-Nytt

Denne saka stod først på trykk i Møre-Nytt.

Med foredraget «Når det blir for mykje reformiver, men lite endring. Skulen som eksempel» avslutta professor i pedagogikk, Peder Haug, Kunnskap i vekst ved Høgskulen i Volda onsdag.

Ludvigsen-utvalet har leverte to omfattande innstillingar for skulen i framtida, og truleg står grunnskulen i Noreg føre ein ny stor reform.

– Desse innstillingane inneheld mykje tekst om korleis skulen skal vere framover, men dei skriv nesten ingenting om korleis dei skal gå fram for å få skulen slik, sa Haug.

«Dette må skulen gjere noko med»
Professoren peika på at skulen skal sette inn tiltak som modifiserer eller svekkjer samfunnsmessige trendar.

– Dette ser vi i dag i samband med mobbing og bruk av sosiale medium. Ganske ofte er det slik at når ting ikkje fungerer godt nok i samfunnet, så står det fram talsmenn som krev at «dette må skulen gjere noko med». Det er enorme mengder med denne typen utsegn, og det kjem ikkje berre frå politisk hald, dei kjem like mykje frå synsarar, næringslivet og andre som orkar å uttale seg. Det er nesten ikkje grenser for kva skulen skal take opp og ta ansvar for frå dei som no driv med ansvarsfråskriving. Det er familiar, politiet, kyrkja, rettsvesenet og arbeidslivet. Spørsmålet er kor langt skulen skal vere med på denne ferda.

LES OGSÅ:  Skulen favoriserer fotball

Haug minna dei frammøtte om at dei som tek til i skulen hausten 2016 vil vere arbeidstakarar fram til 2075.

– Det seier seg sjølv at vi gjer med desse elevane om nokre månader og år framover vil få stor betyding for kvar enkelt av dei, og dei elevane i fellesskap. Det å forme skulen, det handlar om å forme framtida.

Professoren understreka at vi veit mest om dei behova som har vore, men at vi langt mindre om dei behova som kjem.

– Likevel set vi ned komitear som skal finne ut kva behova er i framtida, sa Haug og viste til at metereologane ikkje er heilt trygge på vêret for i morgon og at økonomane står fram og seier at «vi har teke feil» om økonomisk opp- eller nedgang.

Tek ikkje med erfaringane vidare
Haug fryktar at formuleringane frå Ludvigsen-utvalet skal setje i gang ei reform som slår i hel erfaringane frå Kunnskapsløftet.

– Som slo i hel erfaringane frå Reform 97. Vi kan ikkje ta med oss ei einaste erfaring frå ei reform til ei anna fordi dei er så forskjellige. Difor treng vi ikkje fleire store reformer, men vi treng ad hoc-reformer som gjer at vi kan med oss i ryggsekken det vi hadde lært og som er brukbart framover. Vi treng ikkje å hive det frå oss, og starte på nytt kvar enaste gang. Det som er aller viktigast er at arbeidet i klasserommet fungerer.

For å få gode skular er det fleire ting som heng saman ifølgje Haug.

– Gode lærar blir gode visst dei får m.a. gode skuleleiarar. Skuleleiarane vert gode om dei har gode skuleeigarar. Skuleeigarane vert gode visst den politikken som vert laga vert konkret og gjennomførbar. Hovudbodskapen min er at endre skulen er utfordrande, og skal vi få det til krev det innsikt og forståing i kompleksiteten, i oppgåve, i politikkutfordringar og gjennomføringa i klasseromma. Så langt eg ser det så har alle aktørane i kjeda, frå ide til praksis, framleis mykje å sette seg inn i skal vi lukkast vidare med saka.

LES OGSÅ: Vil satse på toppelevane

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE