Stoltheit kan hjelpa einsame studentar

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert i Universitas.

Éin av fem studentar i Noreg seier dei kjenner seg einsame ofte eller alltid, ifølgje ei undersøking Sentio utførte for Universitas og NSO før jul. Det er nedslåande, men ikkje nytt – dei siste åra har talet vore relativt uendra. Universitas tok tak i temaet i førre utgåve, og møtte studenten Hans Christian Wika. Då han kom til Oslo som fersk student merka han raskt kor vanskeleg det kan vera å ikkje kjenna nokon rundt seg – han gjorde seg klar for ei einsam studietid. Wika er langt ifrå åleine.

Les også: Utbredt ensomhet blandt studenter

Einsemd er eit vanskeleg tema å takla, for både studentane, organisasjonane og institusjonane. Ein kan ikkje tvinga studentar til å vera vener med kvarandre, slik lærarar gjorde på barneskulen. Organisasjonsarbeid og frivilligheit er ei gullgruve for sosialt samkvem, men det passar ikkje for alle. Med dårleg økonomi er det heller ikkje alle som har tid til å legga inn mange timar i ubetalt arbeid.

Einsemd blant studentar er eit kulturproblem som ingen kan få skulda for. Det er ingen skurkete rektorar eller uærlege sjefar som kan fjernast for at alle studentar skal leva i venneparadis.

Kan ein komma til kjernen i problemet, og på den måten finna ei slags løysing? Det er mange årsakar til å vera einsam – både for studentar og vanlege folk. Studentpsykolog Kitty Byng fortalde Universitas at det ofte er tungt for studentar å flytta til nye plassar. Det, kombinert med eit sterkt ønskje om å klara seg, høge forventingar, og ei konstant påminning om andre sine perfekte liv gjennom sosiale media, kulminerer i ein veg av tomheit og einsemd.

Trivselsparadokset, som Kitty Byng kallar det, gjer seg gjeldande i store byar. Trass i overflod av både menneskjer og tilbod rundt seg, er det vanskeleg å prata saman. Dette er kanskje det nærmaste me kjem til ei faktisk kjerne, i alle fall for Oslo-studentane. Oslo er ein stor og lite tilgjengeleg by for dei nyleg tilflytta, og livet som fersk student har nok utfordringar uavhengig av dette.

Einsemd blant studentar er eit kulturproblem som ingen kan få skulda for.

Kanskje har studentmiljøet i Oslo og dei andre storbyane noko å læra av mindre studentplassar, som til dømes Volda og Sogndal. Studiebygdene på Vestlandet har eit godt rykte, og det gode studentmiljøet veger tungt i rekrutteringa. Det er vanskeleg å gjenskapa slike forhold i Oslo – men kanskje det går an.

Det bør vera mogleg å skapa ein sterkare kultur for samhald ved ulike fakultet – ei kjensle av tilknyting til studiet ditt, og medstudentane dine er ikkje utanfor rekkevidde. Stoltheit, rett og slett. Matematisk-naturvitskapleg fakultet (MatNat) har dei siste åra satsa på prosjektet ForVei, eit rettleiingsprosjekt som fokuserer direkte på mellom anna studiemiljøet, psykisk helse og einsemdskjensla mange studentar føler. Rettleiing som aukar mestringskjensla i studiet og hjelp studentar med å finna sine eigne styrker kan motverka fleire av dei nemnte utfordringane, ifølgje ein rapport ForVei skreiv om prosjektet sitt i 2012. Slik innsats er ikkje gratis, men det er verd det.

Les mer: Millionsatsning mot ensomhet

Eit godt studiemiljø kjem nemleg ikkje av seg sjølv. Og særleg ikkje av å sitja på kontoret til ein rettleiar i nokre timar. ForVei-prosjektet til MatNat er inne på noko i måten dei angriper problemet på. Eit godt studiemiljø må prioriterast. Målretta satsing ved kvart fakultet for å bygga identitet, stoltheit og samhald kan vera vegen. Det skjer ikkje av seg sjølv.

LES OGSÅ: Einsemd blant unge er eit stort problem