1 av 5 kvinner fortel at dei har vore utsett for seksuelle overgrep før dei blei 18 år.

Rebekka Bod Nes
Rebekka Bod Nes

Halvparten så mange menn, 1 av 10, fortel at dei har opplevd ein form for seksuelt overgrep i barndommen, ifølgje tal frå Bufdir. Det vil seia at det er om lag 775.000 av befolkninga i Noreg som har opplevd ein form for seksuelle overgrep før dei vart myndig. Av desse er det kring 230.000 som blei utsett for overgrep av andre barn og unge.

Under Samtidsdagane på Høgskolen Stord/Haugesund denne veka sa Ada Sofie Austegard:

«Min draum er at vald og overgrep skal vera like mykje omtalt som svineinfluensa.»

Ho er nok ikkje den einaste som tenker dette. Korleis hadde det eigentleg vore dersom det hadde vore seksualundervisning i barnehage og på barneskulen? Austegard fortalde og at ho har snakka med barn i barnehagar om det.

– Dei synest det er kjempespennande. Det er ikkje før seint på barneskulen fnisinga kommer.

Les også: – Mange 12 år gamle jenter seier at «hore» er eit vanleg skjellsord

Seksualundervisning er ikkje berre om sex og samliv. Grensesetting og overgrep er også ein del av det. Å lære kva som er lov og kva som ikkje er lov er jo viktig innan for alle andre tema. Vi fortel små barn om annan kriminalitet som å stele eller vald. Då burde det og vere innanfor å fortelje om seksuelle overgrep, meiner Austegard.

Alle har rett til å bestemme over eigen kropp. Det er du som bestemmer kven som har tilgang. Du bestemmer sjølv kva som skal skje med han, og ingen skal fortelje deg korleis han skal sjå ut og kva du skal gjer med han. Seksuelle overgrep vil seia at nokon krenker retten din til å bestemme over eigen kropp. Det kan vere berøring utan samtykke, valdtekt og annan seksuell aktivitet utan samtykke.

LES OGSÅ: Overgriparen skulle ikkje få skade fleire

– Dersom du har opplevd seksuelt overgrep, krenking eller liknande kan det vera lurt snakke med ein vasken du stolar på, helsesyster/fastlege eller ringe ein støttetelefon. Du kan blant anna kontakte alarmtelefonen for unge og helsestasjonen, seier familievaldskoordinator for Haugaland og Sunnhordland politidistrikt Hilde Solland Plassen. Det er også mogeleg kontakte familievaldskoordinatoren innan for ditt politidistrikt.

Du kan velje å vera anonym dersom du ringer. Det er òg du som bestemmer om du vil rapportere det eller ikkje. Dersom nokon truar deg med blant anna vald for å få deg til å tie er dette også ulovleg.

Hugs at eit seksuelt overgrep kan skje uansett kjønn og alder.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

Kommentarar

ANNONSE