(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Det viser resultatet av kontrollane til Lånekassen i fjor.

48.000 studentar vart bedt om å dokumentere at dei hadde budd borte i 2014, slik dei hadde oppgitt til Lånekassen. Det er berre studentar som ikkje bur saman med foreldra sine, som har rett til å få omgjort lån til utdanningsstipend.

LES OGSÅ: Fryktar stipend-endring råkar mange

– 2.200 av studentane, som svarar til 4,6 prosent av alle som vart kontrollerte, kunne ikkje dokumentere at dei hadde budd borte i 2014. Til saman prøvde desse studentane å jukse til seg 35 millionar kroner i utdanningsstipend, seier Marianne Andreassen, administrerande direktør i Lånekassen.

I tillegg til at studentane som vart tatt i bukontrollen ikkje får gjort om lån til utdanningsstipend, er mange fråtekne retten til støtte for heile eller ein del av undervisingssåret 2015– 2016. Til saman utgjer dette 55,5 millionar kroner i sparte utgifter for staten.

I desse dagar gjennomfører Lånekassen ein ny stor bukontroll, der 46.000 studentar skal kontrollerast. Dette er studentar som har oppgitt at dei var bortebuarar i 2015, og som studerte så nær foreldra sine at dei kunne ha budd heime. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE