Ærligheit varer lengst i jobb og kjærleik

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv forskning.no. Forskarar frå Harvard i USA har prøvd å avdekka psykologien bak svaret ein vel å gje på ubehagelege spørsmål, til dømes på ein date eller eit jobbintervju. Dette gjorde dei ved å gjere ein serie psykologiske eksperiment for å undersøkja korleis folk reagerer på andre som held tilbake informasjon om seg sjølv.

Alle eksperimenta viste på ein eller annan måte at det var verre å halda tilbake informasjon, enn å vera ærleg.

LES OGSÅ: Løgn påverkar helsa

Men kanskje ikkje alltid bra likevel?
Sjølv om forskarane viser eit mønster i eksperimenta, er det ikkje sikkert at dei ville sett dei same effektane i røyndomen.

Det er heller ikkje alltid bra å avsløra informasjon om seg sjølv. Forskning.no skriv at ei studie frå 2007 viser at folk likte kvarandre mindre og mindre etter kvart som dei lærde meir om kvarandre. Viss folk først følar at ein annan person er meir ulik dei sjølv enn dei trudde, vil ulikheten kanskje veksa etter kvart som personen lærer meir informasjon om den andre.