Når Noreg eksporterer våpen og militærutstyr vert det krevd ei sluttbrukarerklæring, som garanterer for kven som er den endelege mottakaren av utstyret.

Dette skal hindre at norske våpen havnar i feil hender.

Ifølgje ein ny rapport, som er laga på oppdrag for Changemaker av forskarar ved IPI og NUPI, manglar Utanriksdepartementet (UD) kapasitet til å overvake og handheve brot på avtalen.

– Sluttbrukarerklæringa byggjer på ein god idé, men så lenge ordninga korkje har effektive kontrollmekanismar eller handheving av brot har den ingen reell verknad, seier leiar i Changemaker, Hanna Sofie Lindahl i ei pressemelding.

Bra teori, manglar praktisk oppfølging
Rapporten tilrår å krevje såkalla re-eksportklausular frå alle land, også NATO-land og nære allierte. Dette skal gjelde for alt utstyr, ikkje berre for våpen og ammunisjon, slik som i dag.

Rapportforfattarane tilrår også å inkludere ein moglegheit til å gjere utvalde kontrollar i etterkant, slik mellom anna Sveits, Sverige og USA har i dag.

LES OGSÅ: På tide å forby bomba

I 2014 eksporterte Noreg forsvarsmateriell til ein verdi av 3,4 milliardar kroner.

Dagens system med sluttbrukarerklæringar, forpliktar sluttbrukaren å ikkje selje vidare våpen som er kjøpt, eller å berre gjere det under kontrollerte forhold.

I teorien hindrar sluttbrukarsertifikata land i å eksportere våpen vidare til eit tredje land, men dette vert sjeldan kontrollert i praksis, ifølgje rapporten.

Les rapporten her.

UDI: Changemaker misforstår
Politisk rådgjevar i Utanriksdepartementet Peder Egseth (H) seier til Dagsavisen at Changemaker har misforstått konkrete enkeltsaker.

Ifølgje Dagsavisen er ikkje UD kjent med at våpen frå Noreg er kome på avvege. Egseth seier til avisa at UD ikkje godkjenner sal dersom søknaden gjeld eit land der ein ser at det er ein uakseptabel høg risiko for at våpna er meint for avleiing.

Egseth seier også at biletet som vert teikna av manglande kontroll er feil. Han seier departementet har «moglegheit til å ta i bruk ei rekkje kontrollmoglegheiter».

– Det er ikkje riktig at dette aldri er blitt utført, seier Egseth til Dagsavisen.

Changemaker kjem med fleire døme på at norsk militærutstyr har hamna i feil hender.

Lindahl peikar eksempelvis på at norske marinefartøy vert brukt av ein privat marinestyrke i Nigeria, at norske jagarfly har enda opp hos ein amerikansk milliardær, og norske beltevogner har hamna i Sudan.

Egseth hevdar døma er misforstått, fordi det dreier seg om sivilt utstyr som er ikkje er lisenspliktig, og ikkje om «norsk militært utstyr».

LES OGSÅ: Ny dobling av diktatoreksporten

– UD sjølv sagt at dei ikkje kan hugse å ha gjort kontrollar
– Det er sjølvsagt vanskeleg for UD å ha oversikt over sakene der våpen er på avvege, når ein ikkje har noko effektivt system for å sjekke dette, skriv Lindahl i ein epost til Framtida.no.

Ho fortel at UD sjølv har sagt i intervju med rapportforfattarane at dei ikkje kan hugse å ha utført slike kontrollar (s. 12 i rapporten).

Frå rapporten s. 12, heiter det:

«Diplomatic missions provide information when requested and can undertake verifications if tasked by the Section, but MFA officials interviewed could not recall a time when this was performed.»

– Poenget vårt er at det ikkje ligg noko forplikting til faktisk etterkontroll eller nokre mekanismar som faktisk sjekkar at materiellet faktisk er hos den endelege sluttbrukaren. Rapporten syner også at Noreg har «moglegheit til å ta i bruk ei rekkje kontrollmoglegheiter, også gjennom norske utanriksstasjonar», men at ein i dag ikkje har kapasitet til å kontrollere våre sluttbrukarerklæringar på ein effektiv måte, skriv Lindahl, som legg til:

– Dersom Egseth meiner dette ikkje er riktig, ville vi bli svært glade.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

LES OGSÅ

ANNONSE