Vi veit lite om den kontroversielle handelsavtalen, og det vi veit er dårleg nytt, skriv leiaren i Senterungdommen.

Under radaren til folk flest vert det no forhandla om ei avtale som kan få stor innverknad på norsk politikk og norske velferdstenester i framtida, nemleg TISA-avtala.

TISA, Trade in Services Agreement, er ei frihandelsavtale for tenester, der det vert forhandla mellom EU, med sine 28 medlemsland, og 23 andre land, inkludert Noreg. Forhandlingane skjer under strengt hemmeleghald, og det er lite som er offentleg kjend frå forhandlingane. Det som er kjend er dessverre dårleg nytt.

LES OGSÅ: Erna vil ikkje forby Uber

Hovudmålet med avtala er å fjerne så mykje som mogleg av nasjonale reguleringar, slik at ein kan få ein uregulert marknad for handel med tenester. Sagt på ein annan måte: TISA-avtala vil avgrense kvart land sin rett til å regulere tenestemarknadane i eige land.

Mykje tyder på at TISA-avtala vil tvinge fram konkurranseutsetting og privatisering av ei rekkje norske offentlege tenester. Lekkasjar tyder til dømes på at TISA vil innehalde ein såkalla skrallekausul eller stillstandsklausul. Desse klausulane seier at når eit land har opna ei teneste for konkurranse, kan ein ikkje handsame utanlandske selskap annleis på nokon måte enn norske leverandørar. Dette kan innebere at når ei teneste har vorte privatisert og marknaden er opna for utanlandske aktørar, kan det bli vanskeleg å gjere denne tenesta offentleg igjen. På denne måten vil TISA innebere ei svekking av det norske folkestyret, sidan det ikkje lenger er folket og politikarar i val som vil avgjere kva for tenester som skal vere offentlege og ikkje.

TISA-avtala omfattar i teorien ikkje offentlege tenester, men definerer samstundes offentlege tenester som tenester der det ikkje finst private tilbydarar, altså der det er statleg monopol. Det tyder at viktige velferdstenester som sjukehus og skular kan verte underlagt prinsippa i TISA om «ikkje-diskriminering» og marknadsstyre. I praksis vil dei verte konkurranseutsett.

I 2015 trakk både Uruguay og Paraguay seg frå forhandlingane. Uruguay sine folkevalde frykta mellom anna at TISA-avtala ville ta i frå landet kontrollen over telenettverk, oljeraffineri, vassdistribusjon og banksektoren, at avtala ville gjere det vanskeleg å opprette nye offentlege helsetenester, og at avtalen ville presse landet til å bryte med arbeidstakarrettar og ILO-konvensjonar. Uruguay trakk seg frå forhandlingane etter at kvart einaste departement i landet hadde gjort ei grundig analyse av kva for konsekvensar TISA kunne ha innan deira ansvarsområde.

So langt har ikkje regjeringa vore i nærleiken av å gjere ei liknande analyse av framtidige konsekvensar for Noreg.

LES OGSÅ: Ingrid Skjoldvær er ny leiar i Natur og Ungdom

Senterungdomen meiner Noreg ikkje skal gje frå seg moglegheita til å sjølv avgjere kva for politikk som skal førast for viktige tenester til folk. Vi krev full openheit om kva som er forhandlingsposisjonen til Noreg. Om det endelege forslaget til avtale inneber den svekkinga av demokratiet som alt no tyder på, krev vi at Noreg seier nei til avtala og ja til folkestyret.

Erling Laugsand
Leiar i Senterungdommen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE