E-boksuksess for folkebiblioteka

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Vikebladet Vestposten.

Tal frå bokbasen syner at det norske e-boksalget er i ferd med å stagnere. Det samla e-boksalget var om lag 230.000 i 2015. Derimot er utlån av e-bøker frå folkebiblioteka i Noreg auka frå rundt 230.000 i 2014 til om lag 425.000 i 2015.

Utlånet av e-bøker frå folkebiblioteka i Møre og Romsdal er i overkant av 31.000 – meir enn ei tredobling frå 2014.

LES OGSÅ: Fleire millionar har lese Synne (19) sine varulvhistorier

1900 e-bøker
Frå juni 2014 har bibliotekbrukarane i Møre og Romsdal hatt høve til å laste ned e-bøker til nettbrett og smarttelefon via appen eBokBib.

I den lokale e-bokbasen ligg det no rundt 1900 titlar i meir enn tre eksemplar som bibliotekbrukarane i Møre og Romsdal kan låne frå.

Det er naturleg at det er dei tre bybiblioteka som har registrert størst utlån. Ulstein og Haram merker seg ut med høge utlånstal.

LES OGSÅ: Nye forfattarar publiserer bøkene sine sjølv

Flest kvinner les e-bok
Det er dei over 40 år som er dei store e-bokbrukarane, og det er tre gongar fleire kvinner enn menn som er brukarar.

Derimot har ungdommen enno ikkje tatt e-bøker i bruk i vesentleg grad. Ungdom står for berre 10 prosent av utlånet.

Fylkesbiblioteket og Fylkesskulesjefen vil difor i løpet av 2016 rette fokus mot ungdom og e-bøker i dei vidaregåande skulane i fylket i håp om å få ungdomen til å lese meir.

Briljant, mystisk venninne
– Stadig fleire les digitalt. Korleis møter norske forfattarar denne utfordringa? Spør Sunniva Relling Berg i dette innlegget.

I 2015 var det den italienske forfattaren Elena Ferrante si bok «Mi briljante venninne» som var den mest leste e-boka i Møre og Romsdal. Ho vart lasta ned 319 gonger.

Les kva vår anmelder tykkjer om boka, som har vorte ein salssuksess over heile verda.

Deretter kom kriminalromanane «Blod på snø» av Jo Nesbø og «Blindgang» av Jørn Lier Horst.

Edvard Hoem si bok om oldefaren Nesje i Rekneslia i Molde vart lasta ned 238 gonger.

Faktaboks

 Bestseljarar e-bøker (veke 53)

1. «Etter deg» Jojo Moyes

2. «Blå stjerne» Jan Gulliou

3. «Islam – Den 11. landeplage» Hege Storhaug

4. «De urolige» Linn Ullmann

5. «Jernblod» Liza Marklund

6. «Bienes historie» Maja Lunde

6. «En sjøens helt: Blodige strender» Jon Michlet

8. «Italienske netter» Katherine Webb

9. «Offline» Anne Holt

10. «To sekunder før mirakelet» Agnès Ledig

Kjelde: Den norske bokhandlerforening