Hemmeleg forfattar på salstoppen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hemmeleg forfattar på topp

Elena Ferrante-feberen har kome til Noreg. Men forfattarnamnet er berre eit pseudonym og berre det italienske forlaget veit kven som skjuler seg bak namnet.

«Mi briljante venninne» er første band i den mykje omtalte Napoli-kvartetten som handlar om venninnene Elena og Lila som veks opp i Napoli etter 2. verdskrig.

Romanen sel no meir i Norge enn bøkene til dei største krimforfattarane.

Bokmeldaren til Framtida.no gav boka ein seksar, og skreiv at romanen «sit fast i deg, og slepp ikkje taket».

Band II i Napoli-kvartetten, «Historia om det nye namnet» kjem på norsk i oktober.

– Ferrantes Napoli-kvartett er moderne romankunst på sitt beste. At «Mi briljante venninne» ligg på salstoppen seier det meste om norske lesarar, seier administrerande direktør i Samlaget, Edmund Austigard i ei pressemelding.

Boka har no eit opplag på 25.000 eksemplar.

Ifølgje marknadssjef Anne Liv Tresselt må ein tilbake til 2009 og «Lykka er ein sjeldan fugl» av Anna Gavalda for å finna sist gong ein roman frå Samlaget toppa bestseljarlista i Noreg.

Få siste nytt om litteratur på nyhendebrevet vårt!