Apotekaren i Hå jublar – endeleg kjem kona

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jublar - endeleg kjem kona

Denne saka stod først på trykk i Jærbladet.

– Eg er veldig glad og letta. Eg er takksam for at Jærbladet har skrive om saka mi, og for all støtte eg har fått frå folk i lokalmiljøet på Varhaug, seier Subaneesan Arulthas (30), som eig og driv apoteket på Varhaug.

Hadde ikkje starta sakshandsaminga
Farmasøyten i Hå kom flyttande med familien sin frå Sri Lanka til Sandnes då han var 12 år gammal. Han eig apoteket på Varhaug med 11 tilsette, har god økonomi og bur i eit hus som han har bygd sjølv.

Då han gifta seg med Shampavi (24) frå Sri Lanka den 19. januar i fjor, trudde han at det skulle vera ei smal sak å få familiesameining. Men det synte det seg ikkje å vera.

Då vener av apotekaren kontakta Jærbladet, i november i fjor, hadde Utlendingsdirektoratet (UDI) ikkje eingong starta på handsaminga av ekteparet sin søknad om familiesameining. Den siste beskjeden Arulthas hadde fått, var at han måtte finna seg i å venta endå lenger, på grunn av alle flyktningane som hadde kome til Norge.

LES OGSÅ: Éin av fem einslege asylsøkjarar flyttar til Oslo

Eigaren av «Ditt apotek» på Varhaug fekk tårer i augo då han fortalde om den vanskelege situasjonen som han og ektefellen var i.

– I 2014 sa eg til kona mi at me heilt sikkert skulle få feira jul i lag i året etter. Men slik ser det likevel ikkje ut til å bli, fastslo 30-åringen då Jærbladet møtte han i november i fjor.

Til Sri Lanka 17. januar
Han karakteriserte situasjonen han og kona var komen i som fortvila og vanskeleg.

– Eg har sagt til UDI at kona mi ikkje vil gå på Nav, og at eg skal forsørgja henne. Men saksbehandlaren i UDI reagerte med sinne og sa at eg ville bli vurdert akkurat på same måte som dei som går på trygd, fortalde Subaneesan Arulthas.

Kona Shampavi (24) har aldri vore Norge, landet som ektefellen og familien hans flytta til for 18 år sidan.

– No gler ho seg veldig til å koma hit til landet, og ho ønskjer å koma så fort som mogleg, seier Arulthas.

LES OGSÅ: Trudde dei skulle drukne over Middelhavet

Den 17. januar set apotekaren på Varhaug seg på flyet til Sri Lanka. Han veit ikkje kor lenge han blir i sitt tidlegare heimland før han og ektefellen er tilbake i Norge.

– Me må berre ta den tida det tek. Eg renar med at me må møta på ambassaden i Sri Lanka for å få formalitetane i orden, seier Subaneesan Arulthas.

– Glade og takksame
Han har opplevd stor større og forståing i lokalmiljøet for den vanskelege situasjonen han og ektefellen har vore i.

– «Alle» har spurt etter korleis det går og følgt med på det som har skjedd, fortel Arulthas.

Sjølv er han mest overraska over at det har gått såpass fort.

– I slutten av november var meldinga at me måtte rekna med å venta i mange månadar til. Men brått var alt i orden. Me er begge ufatteleg glade og takksame, seier Subaneesan Arulthas.

LES OGSÅ: Riksmålsforbundet: Innvandrarar bør lære bokmål