2016 kan bli gullår for reiselivet

Norsk reiseliv trur tidlegare rekordar vil falle i 2016 grunna den svake kronekursen. – Svak krone er gull for oss, seier dagleg leiar Steinar Aase i Fjord Tours til Dagens Næringsliv.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nesten fire av ti omsetningskroner ligg att på botnlinja etter at fjoråret blei det beste gjennom tidene for turoperatøren Fjord Tours i Bergen.

– Og 2016 blir heilt sikkert endå betre, trur Aase.

Fjord Tours set saman og sel reiser med offentlege transportmiddel til i hovudsak utanlandske turistar og er særleg kjent for rundreisa «Norway in a nutshell» til fjordane på Vestlandet.

– I desember 2014 skjedde det noko i marknadane. Interessa auka plutseleg og ordrereserven vår steig med 20 prosent. Det kunne sjølvsagt vere fordi vi hadde treft usedvanleg godt med marknadskampanjane våre. Men den utløysande faktoren var utan tvil svekkinga av den norske krona. På nyåret i fjor akselererte det. Eg er ikkje i tvil om at kronekursen har hjelpt norsk reiseliv i langt større grad enn vi til no har tatt inn over oss, meiner Steinar Aase.

I fjor fekk selskapet kraftig vekst i alle utanlandsmarknadene med den svært viktige USA-marknaden i spissen (pluss 18 prosent).

Fjord Tours-leiaren er sikker på at 2016 kjem til å bli eit nytt gullår for selskapet og for den norske reiselivsindustrien.

– Det ser rett og slett veldig lyst ut. Det som har skjedd med oljepris og valuta er neppe noko som vil endre seg dramatisk på kort sikt. Og veldig mange har allereie bestilt sine noregsreiser for 2016. For oss ligg det an til ein vekst på minst 20 prosent. Utfordringa for oss, transportårene og næringa blir å levere det vi lover og gjere eit godt inntrykk slik at vi får den draghjelpa gjennom sosiale medium som er blitt så viktig, seier Aase til avisa. (©NPK)