Heitebølgjer og tørke verst for kornbøndene

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her mistar dei mest korn

For første gong har forskarar kunna måle dei globale skadane som råkar landbruket grunna klimaendringar.

LES OGSÅ: FN: Heitebølgjer er klimakatastrofar 

Gjennom 50 år
Forskarane har undersøkt kornproduksjonen i 177 land gjennom dei siste 50 åra. Dei har granska korleis vêrfenomen som flaum, tørke, ekstrem kulde og ekstrem varme slår ut på produksjonen.

Rapporten viser at tørke og ekstrem varme er dei faktorane som fører til dei største tapa – mellom 9 og 10 prosent.

Kulde og flaum har også råka kornavlingane, men ikkje i like stor grad som varmebølgjer og tørkeperiodar.

I land med storskalajordbruk har det vist seg at tørke gjer mest skade på avlingane. I Europa, Australia og Nord-Amerika blei produksjonen redusert med 20 prosent samanlikna med land i Asia og Afrika, der det er småbønder. Der minka produksjonen med 10 prosent grunna tørke.

LES OGSÅ: Ny forsking stadfestar varmare klima 

Fleire og fleire hetebølgjer
Men trass i at tapa er størst i den rike delen av verda, blir dei ikkje like merkbare som når tørken slår til i fattige land.

Ifølgje den internasjonale forskarrapporten har hetebølgjer og tørke blitt meir vanleg og dei fleste korntapa har skjedd etter år 2000, skriv ATL Lantbrukets affärstidning. (©NPK)

LES OGSÅ: Me produserer mindre av maten sjølve