Vil flytta fleire mobbarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er eit kjent mønster at det ofte er mobbeofferet som endar opp med å byte skule. Dette meiner eg er feil, seier Isaksen til Dagsavisen.

I fjor fekk han flytta regelen om tvunge skulebyte «når omsynet til dei andre elevane tilseier det», inn i sjølve Opplæringslova. Signalet er at skulen skal gå drastisk til verks om nødvendig.

Etter at ei 13 år gammal jente vart funnen død på ei hytte i Valdres nyttårsaftan, er det dei siste dagane komme fram at jenta over år har vore utsett for mobbing.

– Dette er openbert ei tragisk sak. Vi veit at mora har meldt frå om mobbing, men veit ikkje så mykje meir om samanhengane i denne saka, seier Isaksen.

Kunnskapsministeren fortel at han har fått fleire personlege historier frå foreldre som fortel at skulen har «rådd» dei til å flytte barnet til ein annan skule for å sleppe unna mobbing.

– Dette er ei ekstrabyrde desse barna og familiane skal sleppe, seier statsråden, som meiner det er mange tragiske eksempel på at antimobbearbeidet ikkje fungerer sjølv om mange skular også gjer det bra.

Isaksen seier at det blir jobba på spreng for å legge fram ei omfattande tiltakspakke mot mobbing til våren. (©NPK)