Unge utan jobb bør få målretta arbeidspraksis i staden for trygd, meiner NHO. Forskar åtvarar mot å skjere alle over same kam.

Faktaboks

 Ungdomsreforma til NHO

Elevar med liten evne eller vilje til meir skulegang rett etter grunnskulen, bør få moglegheit til å velje ein «tredje veg», med opplæring direkte i bedrift eller ungdomsskulen.

Friske unge skal ikkje verte pasifisert på trygd.

Moglegheita til å få AAP vert kraftig innskrenka for dei under 30 år. Denne gruppa bør i staden verte gitt målretta arbeidspraksis, gjerne i privat sektor.

NAV må få større moglegheiter til å tilby arbeidsretta tiltak til unge som manglar kompetanse eller arbeidserfaring, utan at det vert stilt krav til at det føreligg ein diagnose.

Den økonomiske støtta som den unge får i staden for AAP, bør vere ein kombinasjon av lønstilskot frå NAV og eit bidrag frå arbeidsgjevar. Støtta bør vere mellombels og stille tydelege aktivitetskrav.

For å mobilisere arbeidsgjevarar til å delta i ungdomsreformen, må risikoen ved tilsetjing verte dempa gjennom profesjonell oppfølging der arbeidsgjevars behov for arbeidskraft må stå i sentrum.

Tiltaket må verte administrert av NAV i samarbeid med attføringsbedriftene og bemanningsbedriftene.

LES FAKTALUKK FAKTA

I 2014 stod 71.000 personar mellom 15 og 29 år utanfor arbeid eller utdanning. Det uroar Næringslivets hovedorganisasjon (NHO), ifølgje ei sak på deira eigne nettsider.

No krev NHO-leiar Kristin Skogen Lund handling, for å sikre den viktige første jobben til unge under 30 år. Organisasjonen meiner at vegen inn på arbeidsmarknaden vert trongare, etter kvart som digitalisering og automatisering tek over fleire arbeidsoppgåver.

Særleg er NHO kritisk til helsetrygda arbeidsavklaringspengar (AAP).

 AAP er ei feilslått yting for unge menneske. Blant dei 28 000 unge under 30 som får AAP, er det ei stor gruppe som hadde hatt mykje betre nytte av jobb enn av diagnose, slår Skogen Lund fast på NHOs nettsider.

NHO føreslår difor å skjerpa inn høvet til å få AAP kraftig for dei under 30 år. I staden vil organisasjonen gi gruppa målretta arbeidspraksis, gjerne i privat sektor.

LES OGSÅ: Vil gjere det lettare for arbeidsledige

Med forslaget vil NHO gjere det lettare for unge å få eit fotfeste i arbeidslivet.

 Kva som skjer før du fyller 30 år er ofte heilt avgjerande for om du får fotfeste i arbeidslivet eller om du blir blant dei altfor mange som sklir inn i passivitet og trygd. Difor er det så viktig at vi gir unge ein reell sjanse til å bli ein del av det lærande arbeidslivet, og det gjer vi med dette forslaget, seier Skogen Lund på nettsidene.

Sjå heile forslaget til ungdomsreform i faktaboksen!

LES OGSÅ: Blandar sjefen din seg vel mykje?

«Unge er ikkje einsarta gruppe»
Psykolog Marit Knapstad ved Folkehelseinstituttet i Bergen, har nyleg teke ei doktorgrad om arbeidsliv og psykisk helse.

Ho gir NHO rett i at det er viktig at unge kjem seg inn i arbeidslivet.

 Generelt er det betre for helsa å vere i jobb eller studere, enn å vere utanfor arbeidslivet over lang tid. Det er nok også slik at mange står i fare for å verte passiviserte dersom dei berre får økonomisk støtte og ikkje noko anna oppfølging, seier Knapstad.

Samstundes åtvarar ho mot å skjere alle unge over ein kam.

 Å hjelpe folk inn i arbeidslivet er i stor grad veldig fornuftig, men ein må hugse at unge er ei stor og ueinsarta gruppe. Det er ikkje slik at dei same tiltaka vil fungere for alle, seier Knapstad.

NHO foreslår eksempelvis at unge skal få ein kombinasjon av lønstilskot frå NAV og arbeidsgjevar, i staden for AAP. Støtta skal vere mellombels og kome saman med tydelege krav til aktivitet.

 Aktivitetskrava vil passe godt for nokon, men for enkelte vil det ikkje passe i det heile teke, seier Knapstad.

I si nylege avhandling ved UiB har psykologen studert mellom anna skamkjensler knytt til sjukemeldingar. Også når det gjeld unge som skal ut i jobb for første gang, kan slike sosiale faktorar spele inn, trur ho.

 Det er mykje bra i å stille krav, men dersom fokuset vert for einsidig på individets meistring kan det bidra til meir skam om ein då feilar. Det er til dømes også viktig at arbeidsgjevar legg godt nok til rette, seier ho.

Ein tredje veg
I tillegg til å skjerpa inn tilgangen til AAP, vil NHO mellom anna gje elevar med liten evne eller vilje til meir skulegang etter grunnskulen moglegheit til å velje ein «tredje veg». Vegen dei foreslår er opplæring direkte i bedrift etter ungdomsskulen.

Knapstad tykkjer forslaget om å lage ein tredje veg for skuleleie elevar er fornuftig.

 Å skape fleire alternativ framføre å berre setje folk på trygd, høyres fornuftig ut. Mange som fell utanfor strevar med den teoritunge skulen, seier ho.

LES OGSÅ: Høyrselshemma Andreas (30) har IKT-utdanning, men måtte ta vaskejobbar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE