mm
Faktaboks

Tidlegare vinnarar:

2014: Elevkalenderen

2013: Russedress

2012: Victoria’s Secret for kampanjen «A body for ever body»

2011: Jack & Jones for kampanjen «Fitness Club»

2010: Diesel for kampanjen «Sex sells»

Press er ungdomsorganisasjonen til Redd Barna.
Organisasjonen består av ungdom i alderen 13-25 år og er partipolitisk og religiøst uavhengig.

Kjelde: Press 

LES FAKTALUKK FAKTA

– Dei tre nominerte burde alle skamma seg over korleis dei påverkar ungdom. Me ser at stadig fleire unge slit med dårleg psykisk helse, og mykje av dette skuldast aktørar som desse, seier leiar i Press, Karoline Steen Nylander.

Årets Gullbarbie er den sjette i rekka og går til den reklame- eller medieaktøren som var best på å få ungdom til å føla seg verst i løpet av fjoråret. 

Gjennom denne prisen ynskjer Redd Barna sin ungdmsorganisasjon å setja fokus på aktørar som nyttar uoppnåelege skjønnheitsideal, seksualisering og gamaldagse kjønnsroller i si marknadsføring.

Press fekk inn mellom 20 og 30 nominasjonar i fjor.

Av desse har eit ungdomspanel valt ut dei tre hovudnominerte til Gullbarbie 2015: Dagbladet, Brun og Blid og Proteinfabrikken.

Vinnaren vert kåra gjennom ei nettavstemming som er open til og med 3. februar.   

LES OGSÅ: Bloggar: – Eg bygde meg eit varemerke på å vere tynn

Dagbladet
Press kritiserer Dagbladet for å bruka seksualisering og gamle kjønnsroller på sine framsider for å selje flest mogleg utgåver.

«I ein vanleg matvarebutikk er Dagbladet alltid plassert i høgd med born sine auge, og avisa er som regel umogleg å oversjå. Det er difor grunn til uro når Dagbladet bruker så mykje framsideplass på å halde oppe einsidige ideal, seksualisering og gamle kjønnsroller,» heiter det i grunngjevinga.

Dagbladet har fleire gonger tidlegare omtala prisen. I 2014 då ein modell for Russedress følte seg dårleg behandla i samband med kåringa og i 2012 då kleskjeden Jack & Jones unnlot å svara på kritikken.

Denne gongen er det Dagbladet sjølv som må svara for seg.

 Me har registrert at me er nominert, og synest det er fint at engasjerte ungdommar bryr seg om papiraviser. Utover det har me ingen kommentarar til nominasjonen, skriv Hilde Schjerve, fungerande nyheitsredaktør i Dagbladet, i ein e-post til Framtida.no.

Dette er heller ikkje fyrste gong tabloidavisa vert anklaga for seksualisering av det offentlege rom. 

I 2014 erstatta aktivistar frå Kvinnegruppa Ottar Dagbladet med Dagplaget, som harselerte med avisa sin bruk av lettkledde illustrasjonsfoto. Kuppet var ein del av aksjonen «Stopp pornokulturen».

 
Press meiner Proteinfabrikken med slike kampanjar held oppe gamle kjønnsrollemønster. Foto: Proteinfabrikken

Proteinfabrikken
Proteinfabrikken har spesialisert seg på proteinpulver som skal få folk til å byggje større musklar under trening.

«Reklamane fortel at du kan bli som dei, om du berre bruker produkta. Proteinfabrikken sin reklame rettar seg spesielt mot unge gutar, med fokus på store musklar og maskulinitet. Den fortel oss korleis  menn og kvinner skal sjå ut og vere, og er med på å halde oppe kjønnsroller som høyrer fortida til,» står det i grunngjevinga for nominasjonen.

Når Framtida ringer, har salssjef i Proteinfabrikken Egil Berli-Johnsen allereie skrive eit svar til Press. Han meiner Gullbarbie-prisen er eit positivt initiativ som røskar opp i informasjonen som vert sendt ut i media.

– Me vel å ta prisen som noko positivt, framfor negativt. I våre auge er prisen eit bra og morosamt initiativ, så kan me vere så einige eller ueinige me vil i om det er fortent. Ein må ha i minne at ikkje alt er udelt negativt. Dei tek ikkje omsyn til alle dei menneska me har hjelpt til eit betre liv sidan 2001. Eg ser kva dei seier, men er ikkje einig. Likevel må det vere ein grunn til at me står på den lista, seier Berli-Johnsen, som vel å ta til seg nominasjonen som konstruktiv kritikk.

Salssjefen ser at sosiale medier-kampanjen #drommekroppen2015 kan verte sett på som kroppspress, men vil gjerne hylla flinke folk og slik motivera til ein aktiv livsstil.

– Samstundes som ein bejublar pappa- og mammakroppen og skal unngå fatshaming, så må det vere lov å feira dei som er flinke og motiverer andre. Det er 1,3 millionar nordmenn som trener og dei gjer noko riktig, medan dei som sit og klagar ikkje gjer nokon ting, seier Berli–Johansen.

Salssjefen meiner konkurransen i år ikkje er særleg hard, og trur det står mellom dei og Dagbladet.

LES OGSÅ: Kjøper doping for konfirmasjonspengane

Brun og Blid
Solariumskjeden Brun og Blid er nominert for å satsa hardt på å nå ut til mange menneskjer med det Press kallar ekstremt einsidig reklame.

«I offentlig rom og sosiale media har dei brukt same type modellar, og vist liten grad av mangfald. Reklamane er tydelig retusjert, modellane er like, veldig lettkledde og med på å fremja det same, gamle biletet av kva skjønnheit er,» skriv ungdomsorganisasjonen.

Det har så langt ikkje lukkast Framtida å få ein kommentar frå Brun og Blid.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE