NPK-NTB
NPK-NTB

Sjølvforsyninga for 2015 ligg an til å bli den nest lågaste på minst 15 år, med ein sjølvforsyningsgrad, inkludert fisk, på 46 prosent, skriv Nationen og viser til tal frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). I 2014 gjekk sjølvforsyningsgraden ned med eitt prosentpoeng, og prognosar viser ein tilsvarande nedgang i 2015.

LES OGSÅ: Kvar skal me få maten frå?

Bondeorganisasjonane er uroa over utviklinga.

– Når sjølvforsyningsgraden går ned sjølv i gode kornår, så viser det at uroa til næringa har vore rett. Det går feil veg i forhold til det Stortinget har bestemt, og det blir ikkje sett inn nok pengar i næringa til at bønder finn det lønnsamt å auke matproduksjonen, seier 2. nestleiar Brita Skallerud i Norges Bondelag.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) seier regjeringa har stimulert matproduksjonen.

– Eg meiner regjeringa har vore offensiv dei første to åra, med bidraget til nyinvestering, og endring av innretning på jordbruksoppgjeret vi har hatt dei siste åra i retning auka produksjon gir også meir produksjon, skriv han i ein e-post til Nationen. (©NPK)

LES OGSÅ: Trugar med å pløye opp stortingsplenen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE