Håpar på folkerørsle for grøn omstilling

Mari Gjengedal, leiar i Spire, om kva som har skuffa ho og gledd ho mest i 2015.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva har skuffa deg mest i 2015?

– Miljø- og utviklingspolitikken til regjeringa. Regjeringa kuttar i langsiktig bistand samstundes som dei set av gigantbeløp til skattelette og vegbygging. Dei planlegg for auka utslepp og opnar for storstilt oljeboring i Arktis, når FN og klimaforskarane i verda heilt tydeleg seier at det ikkje er foreinleg med 2-gradersmålet. Dette er heilt uakseptabelt!

Kva har gledd deg mest i 2015?

– Det auka folkelege klimaengasjementet me har sett gjennom året. Ikkje minst gler det meg at me har fått på plass ei klimaavtale som heile verda har blitt med på, og som slår fast at me skal prøva å avgrensa global oppvarming til under 1,5 grad. Det gjev grunnlag for ein radikal ambisjonsauke for norsk klimapolitikk, og gjev oss i miljørørsla mykje å arbeida med framover.

Kva er det største ønsket ditt for 2016?

– Det største ønsket mitt er at folket endeleg kjem saman og startar ei verkeleg folkerørsle for ein grøn omstilling. Eg håpar me kan visa politikarane at no vil vi ikkje venta lenger: vegen til eit berekraftig samfunn startar no og må gå raskt, og politikarane må berre verta med på ferda anten dei vil eller ikkje!

Kva bok vil du tilrå andre å lesa i romjula?

– Når det kjem til bøker, likar eg best dei der eg kan drøyma meg heilt bort i ein annan røyndom. Favorittforfattaren min for tida er Patrick Rothfuss, med The Kingkiller Chronicle-serien. Den første boka, The Name of the Wind, er garantert ei fantastisk lesaroppleving.