Stolt av dei som bryr seg om born

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stolt av dei som bryr seg om born

 Kva har gledd deg mest i 2015?

– No er det berre eitt land att som ikkje har gjort rettane til barn til ein del av sine lovar! USA står etter 2015 att som einaste land som ikkje vil stilla seg bak FNs Barnekonvensjon. I år har både Sør-Sudan og Somalia ratifisert Barnekonvensjonen. Det vil seia at dei har forplikta seg til å ta brott på rettane til barn personleg, og at staten skal gjera alt dei kan for at alle barn skal ha det bra.

– Refugees Welcome to Norway har blitt ei svær greie som viser at det fortsatt finst noko medmenneskeleg i ein krisesituasjon. Det har gitt meg mykje glede. At mange, mange har brukt tida si på kakesal, laga mat, gi frå seg klede og leiker, er så viktig! Like viktig er det at denne trenden held fram sjølv om me står oppe i utfordrande tider. Eg er stolt over å bu i Noreg når eg veit at det finst mange menneske som meiner at alle barn skal ha det bra.

Kva har skuffa deg mest i 2015?

– Eit skifte i den politiske retorikken har skuffa meg stort. Sjølv om sommaren var prega av ord som solidaritet, hjelpa alt me kan, medmenneskelegheit og omsorg, så handlar asyldebatten no om innstramming og skremsel. Det gjer meg ufatteleg sint, redd og skuffa at nokon går så langt som å brenna ned asylmottak som skulle husa einslege barn. Me må ta med oss gjestfridomen som blei vist i sommar inn i framtidige situasjonar.

Kva er det største ønskjet ditt for 2016?

– Ein stor seier hadde vore om omsorga for alle asylbarn hadde blitt overført frå UDI til barnevernet. Eg ønskjer meg også at alle barn og unge skal ha rett til vidaregåande opplæring så lenge dei bur i Noreg.

LES OGSÅ: Håpar fleire vil jobbe for eit varmare samfunn