Overvaking i sosiale medium er berre èin av fleire måtar nokre arbeidsgjevarar prøver å kontrollere deg på.

Vikebladet Vestposten
Vikebladet Vestposten

Denne saka stod først på trykk i Vikebladet.

«Knut» trudde nesten ikkje sine eigne auge. Han var inne på si eiga Facebook-side, og der hadde rektor, hans eigen sjef, vore inne og korrigert han i kommentarfeltet under eit innlegg. Han var lærar ved ein skule på Austlandet, og rektor irettesette han på Facebook.

– Han korrigerte meg først då eg kommuniserte med elevane mine i ei Facebook-gruppe, mellom anna då eg skreiv at eg var samd med ein elev i at funksjonaliteten i læringsplattformen "It's Learning" ikkje er så god. Han meinte at å kritisere plattformen var å kritisere kommunen og gav uttrykk for at han forventa at eg var lojal mot kommunens vedtak. Dette skreiv han opent på veggen til Facebook-gruppa, seier læraren.

Blanda seg i privat diskusjon
Han er ikkje i tvil om at dette var eit forsøk på å styre og kontrollere kva han meinte om skulerelaterte spørsmål. Endå verre vart det då rektor utvida kontrollen til Knuts private Facebook-side.

– Me var venner på Facebook og etter kvart byrja rektor å blande seg inn i diskusjonar eg hadde på min Facebook-profil. Diskusjonane handla ikkje om skulen eller skulespørsmål, men private forhold eller andre spørsmål. Sjefen min byrja altså å korrigere kva eg skreiv, sjølv om han ikkje hadde noko med det å gjere, seier «Knut».

Denne typen kontroll av tilsette i deira eiga privatsfære – gjennom betydeleg vektlegging av tilsettes haldningar og verdiar – er på frammarsj i norske verksemder.

Det viser resultat frå Norsk Ledelsesbarometer 2015 frå organisasjonen Lederne.

Liknar totalitære ideologiar
– Det mange arbeidsgjevarar driv med i dag, er heilt på kanten av lovverket. Det har klare fellestrekk med korleis totalitære ideologiar, som me for lengst hadde håpa var på historiens skraphaug, kontrollerte folks arbeid og tankar – hovuda deira, så og seie, seier forbundsleiar Jan Olav Brekke i Lederne.

(Pressenytt)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE