– No skal me bruka alle verkemiddel til å gjera Noreg grønare

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– No skal me bruka alle verkemiddel

Kva har gledd deg mest i 2015?

– At Sosialistisk Ungdom fekk gjennomslag for å starta ein storstilt kamp mot valdtekt. 10 prosent av alle kvinner blir valdtekne i løp av livet. Halvparten av desse før dei fyller 18 år. Også menn blir valdtekne. SU fekk samla dei fleste andre ungdomspartia til felles krav inn mot Stortinget. No jobbar alle partia frå KrF til SV saman for å fremja forslaga som vil få fleire overgriparar dømt, gjera kvinner og menn tryggare, gje betre støtte og oppfølging og mykje meir. Politikken medlemmane i SU utviklar er med på å forandra Noreg til eit tryggare og meir likestilt land.

LES SAKA: Krev nasjonal dugnad mot valdtekt

Kva har skuffa deg mest i 2015?

– Klimatoppmøtet i Paris. Til jul ønsker eg meg ein rettferdig klimaavtale der dei rikaste landa og rikaste folka bidrar til å løfta verda opp og inn i ei fornybar framtid. SU ville ha mål om maks 1,5 grader global oppvarming med tiltak som sikrar ein grøn klode for framtida. I staden blei Noreg kåra til eit «fossil» av organisasjonane i Paris, regjeringa kjempa for å ta menneskerettane ut av avtalen og jobba for meir oljeboring. Det er ei skam.

Klimaavtalen legg no opp til minst 3 grader global oppvarming som vil være katastrofalt for kloden og alle oss som bur her. SU sendte 25 aktivistar til Paris. No skal me bruka alle verkemiddel til å gjera Noreg grønare enn regjeringa vil. Me skal ha ungdomskort til 200 kr i heile landet, lyntog mellom byane og me skal bygga ut verdas reinaste kraftkrevjande industri sånn at alle får jobb og Noreg får verdiskaping inn i framtida.

Kva er det største ønskjet ditt for 2016?

– At endå fleire vil ta kampen for eit varmt samfunn. Dei rikaste i Noreg blir stadig rikare og får milliardar i skattekutt frå regjeringa. Samtidig angrip regjeringa einslege asylborn, kuttar støtta til born av uføre og øydelegg arbeidsmiljølova som sikrar alle god løn og trygg jobb.

– Eg ønskjer meg eit samfunn der våre eigne ønskje og drømmar styrer korleis framtida di blir, ikkje at det blir styrt av kor rike foreldra dine er. Om fleire blir med på laget kan me saman ta kampen for eit samfunn der alle får like gode moglegheiter uavhengig av om ein er mann eller dame, rik eller fattig, homo eller hetero, svart eller kvit.

Kva bok vil du anbefala andre å lesa i romjula?

– «Hvem skal eie Norge» frå Manifest Analyse. Statleg eigarskap har gjort at Noreg sine naturressursar har gjort heile landet rikt. I andre land med olje eller vasskraft har ein privatisert og gjort nokon få rike, medan alle andre held fram som fattige. I Noreg har statleg eigarskap gjort at kvar regndråpe og oljedråpe blir forvandla til gull som blir pumpa inn i skular, sjukeheimar og sjukehus. Boka fortel historia vår og forklarar kva som held på å skje med framtida vår. Løp og kjøp!