Du øydelegg livet mitt, men eg elskar deg sårt

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du øydelegg livet mitt

Eg takkar alle høgare makter for at eg fekk ein barndom ute saman med naboborna, utan det som i dag er nesten like viktig for oss som levebrød: teknologi og sosiale media. Eg takkar mamma og pappa for at dei ikkje introduserte mobiltelefonar for meg frå då eg låg i krybba. Eg takkar dei óg for at dei ikkje lot meg opprette Facebook-profil før eg var fylt 13 år. I dag synst eg dei like godt kunne venta eit par år til.

For det eg ikkje visste då, var at kombinasjonen av teknologi og sosiale media, sakte men sikkert ville bli ein pest og plage. Det ville ta over livet mitt, ja, faktisk i så stor grad at eg ville føle meg naken dersom eg passerte dørstokken utan. Det ville bli så viktig at dersom eg måtte velje mellom å vere blind for ein dag, eller leve utan sosiale media i ei veke: så hadde eg falt for alternativ ein. Dette veit eg fordi eg blei spurt om dette spørsmålet for ei stund sidan. Fleire av mine venar har svart det same. Eg tenkjer at vi då kan spørje oss sjølv igjen: Tar vi stega i feil retning?

Familie-kveldar har blitt erstatta med SnapChat-oppdateringar. Venninnekveldar med brettspill og kort, kan ein nærmast gløyme. Eg treng ikkje lengre å fortelje kva eg har gjort i helga når eg kjem på skulen. Alt ligg nokre taste trykk unna for dei interesserte. Ja, det er faktisk skikkeleg rart å sitje her å skrive imot noko eg elskar så forbanna høgt, men eg gjer det likevel.

Eg gjer det fordi eg veit korleis forteljingane eg ein gong, truleg, skal fortelje barneborna mine skal vere. Eg gjer det fordi eg nektar å ikkje vere psykisk tilstade når det skjer, og eg nektar å oppleve verda gjennom ein metallbit. Eg nektar å livestreame konsertar med vennegjengen gjennom vår høgst elskande SnapChat, i steden for å nye augneblinken. Eg nektar å snakke til ein vegg som er oppteken med så scrolle nedover Twitter. Eg vil snakke. Sjå. Oppleve. Møtast. Fysisk. Vere til stades. Du og eg. Eg vil ikkje skape bremsespor for det som kan bli eit minne utan like, fordi eg opptatt med ein metalldings. Avslutter med eit av mine favorittsitat.

The more social media we have, the more we think we’re connecting, yet we are really disconnecting from each other.

Teksten vart først publisert på Massoma sin blogg: bygdejenta.no

Faktaboks

Massoma er 17 år og kjem frå Førde. Ho har eit engasjement for skriving, språk, politikk og mote.

KULTURBLOGG
Kva er viktig for ungdom i Sogn og Fjordane og kva skal til for at desse tema vert sett på dagsorden?
I prosjektet «Mine meiningar på mitt språk», initiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune, bloggar ti engasjerte ungdomar om sjølvvalde tema som dei syns er viktig.
Alle bloggane kan også lesast på sfj.no/kulturblogg