Gjer suksess med kålrot-videoar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kvifor eg har sånn dreis på melingsdialekten?

– Tja, hehe. Det har seg slik at ein gong i tida så gjekk eg på yrkesskulen i Rubbestadneset på mask & mek. Den gongen var det eit par-tre gamle lærarar der frå melingskanten. Dialekten deira festa seg hos meg. Opp gjennom tida har eg blitt godt kjent med mange bømlingar, det er også ein inspirasjon, seier John Ståle Eldøy om Bømlingen-videoane han legg ut på facebooksida til Rema 1000-butikken på Heiane.

– Frå tid til annan snakkar eg og fleire kompisar melingsdialekt saman. Me har felles glede av det. Eg er generelt glad i dialektar. Likar godt å høyra både gamle bømlingar og stordabuar snakka. Dialekten deira er ikkje den same som me har no til dags. Kjekt å kunna halda i live gamle, lokale ord og uttrykk gjennom morofilmane mine, seier John Ståle Eldøy til Bømlo-nytt.

 

 

 

BØMLINGENDikt om ved (Tekstet)

Posted by Rema 1000 Heiane on 20. november 2015

Stjerna frå Synstabøvåjen
I haust har Rema-butikken han driv blitt svært kjent, landet over, men ikkje minst på Bømlo, for desse videoane. Bømlingen, med ei passeleg stor kålrabi til hovud, blomkålbukettar til øyre og ein raudbete til nase, med påmalt, smilande munn, rosa solbriller og ein artig, skinnande partyhatt, gjer stor lukke på internett.

Ein munnrapp kar, dette, som framfører sine meiningar på klingande melingsmål, syng, resiterer dikt og jamvel dansar.

– Han bur i Synstabøvåjen, han her karen, seier Eldøy om Bømlingen.

Ein av dei siste filmane Eldøy la ut, fekk fort over 20.000 visingar.

– At dette skulle bli så populært, hadde eg aldri trudd, seier han.

– Kjekt?

– Ja. Heilt fantastisk!

Elskar stadnamn på Bømlo
At han skulle kalla denne videofiguren Bømlingen, har altså rot i yrkesskuleutdanninga i Rubbestadneset for lenge sidan. Mange som ser filmane han legg ut, undrar seg over kor god lokalkunnskapen er, om stadnamn både på sjø og land på Bømlo. Mange trur difor at han må vera bømling sjølv. Det er han altså ikkje. Stordabu, god som nokon, men veldig glad i naboøya i vest. Så glad at han og familien for ikkje lenge sidan handla seg eit hus i Anglevik på Moster. Her skal dei ha fritidsbustad.

– Kjekt med hytte berre eit kvarter frå jobb. Me har vore mykje i båt utanfor Bømlo, både med min eigen familie og frå barndommen då far min tok oss med ut i båt. Det gjer at eg er godt kjend i skjergarden der vest. Det har eg nytte av når eg lagar filmane.

– Du driv altså ikkje og les på kart for å finna namn du kan bruka i filmane?

– Nei, det har eg berre gjort ein gong. Det var då eg laga film om ved, og måtte finna eit namn som passa på Goddo. Då fann eg Perarekkje. Det var for godt til å ikkje bruka. Er forresten mange flotte namn på Bømlo. Skinnhueneset, til dømes. Gloadungsøy, altså Gloadonso, som Bømlingen syng om, er eit anna, seier Eldøy.

BØMLINGENNy rapp:”I tudn på Taragrudn”

Posted by Rema 1000 Heiane on 18. desember 2015

Mobilfilmar
Han fortel at filmane om Bømlingen er eit overskotsfenomen. Når han har tid, set han i gang.

– Det er alvorleg nok i seg sjølv å driva ein stor matvarebutikk, seier han.

Difor blir det mest filming på morgon og kveld.

Mange trur kanskje at han brukar proffe kamera og har eit avansert redigeringsutstyr.

– Nei, er svaret.

– Eg filmar med iphonen min. Det er ikkje verre. Manusa til filmane skriv eg også inn på mobilen.

Rockegubben slo til
Han har også laga ein del rappar med Bømlingen. Dei gjorde han berre for å prova for den 14-15 år gamle sonen sin at den gamle rockegubben enkelt kunne klara det.

– Kor imponert han vart då eg klarte det, veit eg ikkje. Du veit, gutar i den alderen er vel sjeldan særleg imponert over kva fedrene gjer, smiler han skeivt.

– Rappane laga eg med hjelp av ein app. Verre er det ikkje, seier John Ståle Eldøy, som elles er kjent i heile Sunnhordland og vidare med, som vokalist, gitarist, frontfigur og låtskrivar i bandet Bastard frå Stord. Ei gruppe som har hatt regional rockelegendestatus i snart 25 år.

– Det er klart at eg har ei ganske kreativ side. Den får eg utfalda meg med både gjennom Bastard og desse videoane. For nokre år sidan hadde me kvinnheringen Arne Torget, kjent for mange som moromann og poet, til å ta seg av underhaldninga på eit arrangement for oss som arbeider på butikken. Han inspirerte meg til å byrja med dikt. Han viste meg at det kan lagast mykje moro på rim, og riming er eg blitt god på frå låtskrivinga i Bastard, fortel han.

Fleire filmar på gang
– Etter kvart har det berre blitt meir og meir, seier Eldøy, og opplyser at han dessutan er svært glad i diktinga til Jakob Sande, og gjerne legg seg til ein Sande-liknande stil i dikta.

– Eg hadde planar om å laga ein julekalender med filmar i år, men slo det frå meg. Tida strekte ikkje til, seier handelsmannen, redd for at dersom han hadde forsøkt seg på noko slikt hadde det gått med så mykje tid at den snille og tolmodige kona hans, ikkje hadde vore så snill og tolmodig lenger.

– Men fleire Bømlingen-filmar blir det?

– Ja, det kan eg lova. Fleire idear er klare til å setjast ut i live. Det kjem.

BØMLINGENMonsterhitten “Krabben e goo”(No også som dans)

Posted by Rema 1000 Heiane on 13. desember 2015

Spelte inn kraftlagshumor
Sjølv om Bømlingen er den figuren som er blitt mest kjend for dei følgjer facebooksida til butikken, så har han utvikla fleire figurar. Fitjarbuen er inspirert av fitjarbuar han kjenner til, men kven kan me ikkje røpa. Stordabuen vart til då TV2 kom til butikken tidlegare i haust for å laga innslag om figurane og filmane hans.

– Det var TV2 som bad meg om å laga fleire figurar, seier han.

– For øvrig så forstod teamet frå tv-kanalen ingenting av det eg sa då me gjorde opptaka med Bømlingen, hehe. Dialekt er ikkje alltid like lett.

For ikkje lenge sidan fekk han forresten sitt fyrste underhaldningsoppdrag utanom facebooksida for Bømlingen.

– Finnås kraftlag tok kontakt. Dei ville at eg skulle laga ein film med han til julebordet deira. Det gjorde eg, og det var svært moro, var mellom anna på kraftlaget og gjorde opptak. Filmen gjorde stor lukke på julebordet. Historia var slik at straumen går då pinnakjøtet til Bømlingen står på kok. Han reiser til kraftlaget, men får ikkje tak i nokon til å hjelpa seg med straumbrotet. Til slutt tek han affære. Ved hjelp av ein «pelefyk», som kraftlaget sjølv kallar verktyet for, får han straumen tilbake og pinnakjøtet kjem igjen på kok, gliser Eldøy.

Julehefte
Det siste nye med Bømlingen, er at denne veka skreiv handelsmannen ut alle dikt og rappar som han har laga for Bømlingen i haust. Desse har han samla i eit gratis, illustrert julehefte som kundane som kjem innom butikken får. «God judl frå Synstabøvåjen» er tittelen på det 14 sider store heftet, som han sjølv har kopiert opp på butikken.

– Bestemte meg fort, og gjekk i gang, seier mannen bak den mest populære kålrabia og raudbeten i heile Sunnhordland.

LES SAKA I BØMLO-NYTT!