Ver ein venn og hjelp!!

Det skal så lite til for å forandre ein anna person sitt liv totalt. Ver en venn og hjelp!

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mobbing er dessverre eit utbredt fenomen blant barn og unge i alle aldrar og i ulike former. Men kva tiltak kan du og eg komme med for å førebyggje dette tragiske temaet? For det er rett og slett tragisk at dette skjer. Undersøkingar viser at 1 av 20 elevar vert mobba kvar einaste dag i Ungdomsskulen. Ja, du las riktig, 1 av 20 elevar vert mobba KVAR einaste dag. Er ikkje det sjukt?

Ein mobbar er ein person som ifølgje mobbeforsking har mykje sjølvtillit, men lite empati. Mobbing har i veldig mange år vert eit stort tema i samfunnsdebatten. Politikarar, media og mange andre menneske har engasjert seg i dette temaet. Mobbing eller plaging er psykisk og eller fysisk vold retta mot ein person/eit offer utført av enkeltpersonar og/eller grupper over lengre tid.

Mobbing er svært utbreitt. 1 av 20 elever blir mobba kvar dag i ungdomsskulen i fleire år. 14 prosent av elevar som blir mobba i tiande klasse, blir fortsatt mobba i vidaregåande. Elevar som opplever langvaring mobbing, altså mobbing frå grunnskulen til vidaregåande, har dårligare psykisk helse og dei får svakare karakterar i siste året på vidaregåande skule enn elevar som berre er blitt mobba på ungdomsskulen. Dette er hovudfunna i ein ny studie, som Lars Lien, leiar av Nasjonal Kompetanseteneste for samtidig rusmisbruk og psykisk liding, står bak. 

Både jenter og gutar mobbar. Gutar mobba som regel fysisk og dei kan sende ut drapstruslar til mobbeofferet medan jenter derimot mobbar ved å stenge andre ute, unngår å like eller kommentere andre sine bilder eller så lagar dei lukka gruppe på Facebook der dei snakkar negativt om andre. Det er også veldig vanlig at jenter mobbar fleire i lag, altså dei dannar seg ei gruppe, medan gutar kan vere to stk. som mobbar ein anna person. Ungdommar er veldig flinke til å bruke ironi når dei snakkar saman og det kan derfor vere veldig vanskeleg som vaksen å sjå når det faktisk er mobbing og når det er ironi. Ungdommar mobbar meir skjult. Det vil seie at dei mobbar meir i gjengane, eller på sosiale medium eller at dei sender anonyme kommentarar til andre på sosial medium og då er det veldig vanskeleg for ein vaksen å gripe inn.

Den svenske mobbeforskaren, Dan Olweus, meiner at dei menneska som blir mobba er dei som er mindre utadvendte av seg, meir engstelege og meir forsiktige menneske. Men kvifor skal det gå utover dei? Jo. no skal du høyre. Fordi dei er så mykje svakare. Dei er lettast å ta. Det er så sprøtt å høyre på at eg blir faktisk litt forbanna her eg sit og skriv. Det kokar inni meg, for eg skjønar kor mange som blir mobba og kor mange IDIOTISKE grunnar det er for å mobbe nokon. Skjønar du? Skjønar du faktisk kva det er som skjer med samfunnet?

Det er også mange andre ting som gir utfall for mobbing, som for eksempel t ein ser annleis ut, likar andre ting eller snakkar annleis. Men det er også elevar som er kjempeflinke på skulen som blir mobba akkurat fordi at dei er flinke på skulen. Har du høyrt noko så sprøtt? Ja, ungdommar blir faktisk mobba for dette også. Det er alltid ein grunn til å mobbe andre. Dessverre. Det er trist, men sant.

I opplæringslova er det bestemt at alle elevar har rett på eit godt skulemiljø. Elevar har rett til å gå på ein skule der dei føler seg trygge, der dei trivst og der dei får lære. Det er dessverre ingenting spesielt du som foreldre kan gjere for å stoppe mobbing, det du kan gjere er å få barnet ditt til å snakke om det, men det i seg sjølv kan vere ei vanskeleg oppgåve. Det er eg fullt klar over. Ungdommar er ikkje enkle og i alle fall ikkje når dei er blitt utsett for psykisk vold. Du som les må gjenoppbygge sjølvtilliten til barnet og vise h*n at du har kontroll over situasjonen og at du er der for å hjelpe. 

På skulen derimot er lærarane pliktig til å gripe inn dersom dei får mistanke om mobbing. Det er veldig vanskeleg å sjå at ein elev blir mobba, i alle fall på ungdomsskulen der elevar mobbar meir skjult og på sosiale medium. Derfor er det så utruleg viktig, og høyr på meg når eg seier UTRULEG viktig, at du som lærar passar på heile tida og har augna opne. Det er då ein veldig god ide å gå i korridorane og ute på skuleplassen for eksempel. Som lærar kan ein også ha undervisning innanfor mobbing som førebyggjer mobbing på skulane, få elevane engasjerte i temaet. Det er så lite som skal til, men likevel er det ingen som gjer noko! Det er så viktig. Dette er eit viktig tema og dette kan gjerast spennande også for ungdommar. Det er så utruleg viktig med god kontakt mellom lærer og heimen til eleven, fordi når elevane merkar at foreldra deira og lærarane deira har dei same grensene for mobbing og at dei har samspel vil dei lettare ta beskjedar til seg.

Når det er mobbing på sosiale medium er det så lite ein kan gjere, får du mistanke om digital mobbing vil det vere lurt å kontakte foreldra til dei det gjeld. På den måten kan du som foreldre gjere tiltak som for eksempel: Slå av nettet, snakke med barnet eller andre tiltak.

Det er utruleg vanskeleg å hindre mobbing, det er rett og slett umulig. Det er eg fullt klar over, men det er ikkje umulig å førebygge. Ver tilstades, ha auga opne og inspirer elevar til å vere inkluderande. Inspirer dei til å hjelpe dei som står åleine, få dei med i det førebyggjande arbeidet.

Mobbarar er menneske dei også, og dei treng nødvendigvis ikkje å mobbe for å mobbe! Mobbing gjer ungar psykisk sjuke og dette går utover skulearbeidet. Menneska rundt mobbeoffera og deira eige liv. Det er vanskeleg å stoppe mobbing og eg forventar ikkje at mobbing skal slutte, men eg ønskjer så inderleg at alle kommer med tiltak sånn at det er mulig å førebygge meir mobbing. Eg ønskjer at du som sit og les dette, du som har ein unge som er blitt utsatt for mobbing, eller du som er blitt mobba, reis deg og hjelp. Det skal så lite til for å forandre ein anna person sitt liv totalt. Ver en venn og hjelp!

Madlen sin blogg: madlehblog.wordpress.com

Faktaboks

Madlen Lehmann Madlen er 18 år og bur på Sande i Sunnfjord. Ho er engasjert i ungdomspolitikk.

KULTURBLOGG
Kva er viktig for ungdom i Sogn og Fjordane og kva skal til for at desse tema vert sett på dagsorden?
I prosjektet «Mine meiningar på mitt språk», initiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune, bloggar ti engasjerte ungdomar om sjølvvalde tema som dei syns er viktig.
Alle bloggane kan også lesast på sfj.no/kulturblogg