Kråkevik har suksess med julehefte

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi opplever ein enorm respons frå lesarar og salsledd på det nye juleheftet Juleroser, seier forlagssjef i Samlaget Håkon Kolmannskog.

Alle dei 40.000 trykte eksemplara er no ute i marknaden. Sjølv om lageret er tomt, finst Juleroser framleis å få tak i der julehefter vert selt rundt i landet. Denne nye utgåva av Juleroser kjem ut for første gong i år, og er eit samarbeid mellom Samlaget og Egmont Publishing. 

– Alt tyder på at tusenvis av lesarar er einige med oss i at Juleroser er eit etterlengta og viktig tilskot i juleheftefloraen, seier redaksjonssjef i Egmont Publishing Kjetil Johsen.

LES OGSÅ: Tener godt på nynorsken

Herborg Kråkevik er redaktør for heftet. Med på laget som bidragsytarar har ho fått nokre av våre fremste forfattarar og biletkunstnarar, mellom anna Herbjørg Wassmo, Karl Ove Knausgård, Jon Fosse, Vigdis Hjorth, Agnes Ravatn, Odd Nordstoga og Ørnulf Opdahl.

Juleroser var namnet på eit litterært julehefte som blei gitt ut mellom 1881 og 1944. Kråkevik vaks sjølv opp med dette heftet. Kråkevik eg glad for å vidareføre denne tradisjonen til nye lesarar.

– Eg er så inderleg glad for at mange har lyst å lese heftet. Eg håper at vi har klart å lage noko som er så vakkert at det ikkje blir kasta ut med det brukte julepapiret, men held seg, både for auga og for sinnet, seier Kråkevik.

QUIZ: Er du like god på julesongar som Herborg? Prøv quizen vår!

Faktaboks

Herborg Kråkevik (f.1973) er ein av våre mest folkekjære artistar, og ein engasjert kulturformidlar. Ho har alltid vore oppteken av å fornye og aktualisere gamle tradisjonar, No er det dei litterære julehefta ho vil vekkje til livet.