Juletankar om håp, skaparkraft og kampen for ei betre verd

Dag Jørund Lønning
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kampen for ei betre verd

Me treng håp, vilje, handlekraft og inspirasjon. Eit lite lokalsamfunn i Bangladesh har teke kampen opp mot både multinasjonal maktbruk og klimakatastrofar, og vunne fram. Kan dei, kan me alle.

Kva er håp?
– Hope is a rope!, skreiv den franske sosiologen Henri Desroche.[1] I møtet med tilsynelatande uoverkomelege hindringar, kastar me menneske «tauet» ut i lufta. Det er tynt, det er knappast festa. Det er skilnaden mellom liv og død, men håpet/tauet tek oss  over stadig nye avgrunnar.

Nokre gongar kan det som starta som eit enkeltmenneske eller eit lite lokalsamfunn sitt håp, bli opphav til handlingar som kjem dei mange til gode, til nye vegar inn i framtida for alle menneskje. Dei få gjev håp til dei mange.

Ein av antropologifaget sine grunnleggjarar, Margaret Mead, skreiv ein gong: «Tvil aldri på at ei lita gruppe med tenksame og engasjerte borgarar kan endra verda. Faktisk er det alltid slik verda har blitt endra».

Dei positive endringane kjem ikkje av seg sjølve
Nyskaparane blant oss er dei som ser at positive endringar ikkje vil koma av seg sjølve. Det er dei som ser at «utviklinga» er menneskeskapt, og difor kan styrast/endrast av viljande og engasjerte menneske. Det er dei som ser at den som ikkje sjølv blir ein verdiskapar, står i stor fare for å bli verdiskapt. Nyskaparen – han eller ho som finn dei nye og betre vegane inn i framtida – er motivert av eit sterkt håp. Håp blir tru, og sterk tru på at noko kan gå, er opphav til handling.

Som nyskapingsforskar har eg møtt, og blitt inspirert av, mange enkeltmenneske og lokalsamfunn som ikkje blindt aksepterer og tilpassar seg «utviklinga», men som i staden arbeider aktivt for ei framtid med meir rom for lokale ressursar, kunnskapar og løysingar.

Bondens røyst
Eit særs inspirerande døme finn ein på bygda i Bangladesh. Eit lite lokalsamfunn i Aust Sujonkathi, i provinsen Barisal, bestemte seg for ein del år tilbake for å ta kampen opp mot både multinasjonale selskap sine såvaremonopol og det internasjonale «prosjekttyranniet» – der eksterne ekspertar sine synspunkt veg langt tyngre enn lokalkunnskapen.

Dei fattige småbøndene i området gjekk saman og etablerte sitt eige forskingsinstitutt, Bondens røyst («Krisoker Sor»). Målet var å identifisera og produsera kunnskap som var reelt tilpassa dei lokale behova.

Og resultata har ikkje latt venta på seg. Ei lang rekke lokale frøsortar er identifiserte og sette i ny produksjon. Dei multinasjonale har difor mista patentgrepet om dette lokalsamfunnet. Tradisjonelle måtar å byggja kanalar, leia vatn og hindra elveerosjon på, er tekne i bruk att for å gjera landbruksproduksjonen meir robust i eit ekstremt flaumutsett område. Sterk fokus på involvering har gjeve dei lokale ny tru på eigne evner og kunnskapar.

Eit lite lokalsamfunn er føredøme for heile verda
Då syklonen Sidr råka i 2007, vart det meste i denne regionen lagt i ruinar. Revitalisert lokalkunnskap og sterkt samhald, gjorde likevel at Aust-Sujonkathi reiste seg att frå ruinane. Så imponerande var denne gjenreisinga at den fanga blikket til FN sin organisasjon for risikoreduksjon ved kriser (UNISDR).

I haust kom beskjeden; Aust-Sujonkathi er utnemnd, som eitt av åtte lokalsamfunn rundt i verda, som «verdsmeistrar i krisehandtering og -førebygging». Ei lite samfunn av fattige bønder nekta å la seg knekka av verken multinasjonale selskap, flaumar eller syklonar, og har blitt eit føredøme for heile verda.

Me treng dei gode historiene
Me treng denne inspirasjonen. Når klimarelaterte katastrofar, vondskap og terrorisme dominerer rundt oss, er det lett å mista håpet. Alt me produserer og gjer vert avgrunnar. Som Nietzsche så treffande sa det, «når du ser lenge inn i avgrunnen, vil avgrunnen sjå inn i deg». Det vonde og vanskelege får all vår merksemd. Ein blir det ein ser. Mørkret senkar seg. 

Meir enn nokosinne treng me dei gode historiene. Dei gode, menneskelege, historiene om at noko anna er mogleg, om at det alltid finst håp. Det vesle lokalsamfunnet i Bangladesh som fekk merksemda til verda sine leiarar grunna deira fantastiske arbeid med å ta vare på og vidareforedla lokale kunnskapsressursar, er ei slik historie. Den vitnar om  kva menneskeleg skaparkraft og skaparglede er. 

Kvar gong me sjølve er freista til å kasta korta i kamp mot utfordringar som synest uoverkomelege, fortel landsbyen Aust-Sujonkathi oss at det finst dei som kjempar mot barrierar som er uendeleg mykje større enn våre, med brøkdelen av dei ressursar og innsatsfaktorar me kan mønstra. Og som likevel vinn fram.

Innsamlingsarbeid for bondeeigd kunnskapsorganisasjon i Bangladesh
Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) innleiar no eit samarbeid med Bondens røyst. Også HLB er eigd av bønder og bygdefolk. Me deler også mål om å produsera og formidla kunnskap som kan gje livskraft, von og handlekraft til distrikt og lokalsamfunn. Saman skal me utforska den utviklings- og endringssprengkraft som ligg i det skapande møtet mellom den formelle og den lokale kunnskapen.

Bondens røyst si finansiering så langt har kome frå lokale kjelder. Lokale småbrukarar har medverka med det vesle ein har hatt høve til, og instituttet har utretta særs mykje med det ein har klart å skrapa saman.

HLB startar no ei innsamling for å støtta vår søsterorganisasjon i sør. Midlar skal gå til å byggja eit enkelt skulebygg til Aust-Sujonkathi sine 40 skuleungar, og til å gje Bondens røyst høve til å dokumentera den kunnskap ein har bygd opp, og dei erfaringar ein har gjort seg, rundt det å meistra kriser og byggja lokal utvikling på lokal kunnskap.

Ei juleforteljing om ljos i mørkret
Det gjev meining å starta dette arbeidet no når jula står før døra. Jula handlar om håp. Historia om Aust-Sujonkathi og Bondens røyst er ei juleforteljing frå vår eiga samtid. Også denne er ei forteljing om ljos i mørkret, om ljos som skin så sterkt at det gjev nytt håp til menneske.

Dette ljoset skin grunna engasjement, vilje og brei lokal deltaking. La oss i 2016 gå saman med småbøndene i Bangladesh om aktivt å søkja nye vegar over dei djupe avgrunnar me som menneske i dag står overfor.

Ha ei inspirert jul og eit 2016 med aktivt utviklingsarbeid for ei betre verd!


[1] A Sociology of Hope. 1979.