– Utsleppa må ned og olja må liggje

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Laurdag vedtok klimatoppmøtet i Paris ein ny klimaavtale. Avtalen skal avgrensa temperaturauken til 1,5 grader, men landa er enno ikkje samde om korleis dette skal skje.

– Det er trist at leiarane i verda ikkje klarer å einast om ei avtale som stoppar klimakrisen. Denne avtala styrer oss mot ein 3 til 4 grader varmare verda. Det hjelper lite å setja eit mål om å avgrensa oppvarminga til 1,5 grader når ikkje tiltaka held mål, seier Arnstein Vestre, leiar i Natur og Ungdom.

– No ligg det eit enormt ansvar på land som Noreg for å skru opp ambisjonane og leverer kraftige tiltak. Avtalen i Paris må bli startskotet for auka tiltak heime i Noreg, seier Vestre i ei pressemelding.

For kvart femte år skal kvart av dei 195 landa som har skrive avtalen levera nye mål for korleis utsleppa skal kuttast.

LES OGSÅ:Ti grunnar til å vera klimaoptimist

Gjer ikkje nok for å kutte utsleppa
Med utsleppskutta som ligg på bordet no vil temperaturen i verda nå mellom 2,7 og 3,7 grader i løpet av dette hundreåret. Utsleppskutta skal gjennomgåast kvart femte år med mål om auka ambisjonar.

– Det viktigaste ei klimaavtale gjer, er å gje melding til verdas land at vi må ut av olje-, koll- og gasståka. Dette er ei melding til Noreg om at tida for risikable oljeeventyr i Arktis er over, seier Vestre.

LES OGSÅ: Utsleppa av klimagassar flatar ut

–  Rike land slepp unna
Avtalen i Paris legg opp til å frita rike land for det juridiske ansvaret for skader som følgje av klimaendringane. Dette blir blant anna påpeikt av Nicaragua etter at avtalen blei vedtatt av klimatoppmøtet.

– Klimaendringane rammar allereie menneske over heile verda, anten det er gjennom orkanar på Filippinene eller tørke på Afrikas Horn. Vi kan ikkje fråta neste generasjon retten til å krevja at forureinar betalar, seier Vestre.

– Det svake langsiktige målet som skyv klimanøytraliteten mot slutten av dette hundreåret vil skadeomfanget bli enormt. Å fjerne ansvaret for det er den største skampletten som står igjen frå Paris, avsluttar Vestre.

LES ALT FRÅ KLIMATOPPMØTET HER!

Faktaboks

I desember møttest alle FN-landa til klimaforhandlingane COP21 i Paris. Der forhandla dei fram ein bindande klimaavtale som inneber:

• Global oppvarming skal avgrensast til under to grader, og det skal jobbast for å klara 1,5 grader.
• Verda skal bli klimanøytrale i løpet av siste halvdel av dette hundreåret.
• Det står ikkje noko om kor raskt utsleppskutt skal skje, berre at det skal skje så raskt som muleg.
• Nasjonale klimaplanar skal oppdaterast kvart femte år – og helst styrkast.
• Fattige land som blir ramma av klimaendringar skal få økonomisk støtte, men det blir ingen automatiske erstatningsordningar.
• Frå 2020 skal det brukast minst 100 milliarder dollar i året på klimateknologi i u-land – frå rike land og næringsliv.