– Først når alle sluttar å bombe Syria, kan vi tenkje på framtida, seier den syriske forfattaren Samar Yazbek.

I 2011 flykta forfattar og journalist Samar Yazbek frå Syria til Paris.

Ho støtta opprøret mot Bashar al-Assads regime i 2011. Det åleine var kontroversielt. I tillegg har forfattaren same etniske bakgrunn som al- Assad, noko som gjorde at ho vart sett på som ein forrædar.

Sidan har ho snike seg inn i heimlandet tre gongar. Mellom anna har ho kryssa grensa mellom Tyrkia og Syria saman med framandkrigarane, for å kome seg inn i det krigsherja landet.

LES OGSÅ: Ungdom krev handling i flyktningekrisa

Rømde inn i romanen
Ein kveld i november sit ho på Litteraturhuset i Oslo. Ho vert intervjua av forfattar Simon Stranger, om si siste bok Inn i tomheten. Med tolk går samtalen på norsk og arabisk.

Skodespelar Marie Blokhus les frå boka, der Yazbek mellom anna skildrar korleis ho ein gong vart pågripen av to menn og teken med til eit fengsel. Bak fengselsmurane får forfattaren eit grusamt innblikk i korleis fengsla demonstrantar vert mishandla og torturet. Ho kastar opp til slutt.

– Som journalist og forfattar er det viktig å ikkje misse fatninga. Når du ser nedbrente hus og avrivne kroppsdeler, så må ikkje du bli ei byrde i tillegg, seier Yazbek.

LES OGSÅ:Far og dotter køyrde til Syria med klede

Nettopp skrivinga vart ein flukt frå det vonde, for forfattaren.

– Bombene, kaoset, alt er så skremmande. All døden og alt det vonde gjorde at eg måtte førestille meg at eg var del av ein roman og ikkje ei kvinne av kjøtt og blod, seier ho.

Bestemmer ikkje sjølv
Yazbek meiner media gir eit overflatisk bilete av krigen i Syria, der den framstår som ein kamp mellom al-Assad og IS. Konflikten på bakken er kompleks, med mange aktørar.

– Vi syrarar bestemmer ikkje lenger noko som helst. Vår framtid ligg i hendene til al-Assads regime, og land som Russland, Iran og USA. Først når desse landa vert samde og alle sluttar å bombe Syria, kan vi tenkje på framtida, seier Yazbek.

Frå sitt eksil i Paris drøymer og arbeider ho framleis for eit fredfullt Syria.

– Men vi er ikkje ansvarlege for dei avtalene som vert inngått, korkje om olje, våpen eller noko anna den moderne kapitalismen fører med seg.

LES OGSÅ: «Ikkje la syrarane vere i dette hermetiske vakuumet»

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

Kommentarar

ANNONSE