«No skal vi heim og kjempe»

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å, så svære dei er!

Øyunn Hasvik (17) dreg fram hybridkameraet for å knipse vindmøllene som susar forbi utanfor vindauget. Inne i togkupeen følger Maiken Fosse Halvorsen (17) og Mats Skaugård (17) med.

Til vanleg går dei på musikk, dans og drama på vidaregåande i Skien. Dei tre er frå Bamle, Notodden og Porsgrunn og er med i Telemark Natur og Ungdom. Dei har framleis nokre timar att på toget gjennom Tyskland, før dei når målet: Paris og klimatoppmøte.

– Vi reiser for å skape engasjement og for å sende informasjon heim, seier Mats.

«Nobody puts baby in a corner», står det på bærenettet på bordet i kupeen.

LES OGSÅ: Utsleppa av klimagassar flatar ut

På jakt etter inspirasjon
Sjølve klimaforhandlingane føregår i forstaden Le Bourget i Paris. Laurdag overleverte forhandlingsdelegasjonane tre utkast til ministrane, som no går inn i den siste veka med forhandlingar.

Eit av dei vanskelege spørsmåla som gjenstår, er kven som skal betale for klimatiltak. Mange meiner at industrialiserte land bør betale meir, ettersom desse landa har stått for størstedelen av klimagassutsleppa.

Eit anna vanskeleg spørsmål er kven som skal betale for skadane klimaendringane fører til, eksempelvis i øystatane som er mest truga av havnivåstigning.

– Alle land må bidra til å kutte utslepp, men særleg må dei rike ta ansvar. Vi har slept ut meir klimagassar, og no må politikarane våre tore å ta dei vanskelege avgjerslene, seier Maiken.

Dei meiner det er mange store, tomme ord om klima.

LES OGSÅ: Martine kjempar for meir openheit i Paris

På toget gjennom Tysland, med kurs for Paris. F.v. Øyunn Hasvik og Maiken Fosse Halvorsen brukar tida til å lese ein fersk rapport om klimaendringane. Dei reiser saman med Mats Skaugård (17) frå Telemark Natur og Ungdom.

Kontroversar rundt Noreg
Det er dei ikkje åleine om å meine. Den siste veka har det vore to kontroversar knytt til Noreg. Den første var då Erna Solberg sa at me i framtida gjerne vil ha prosjekt med avskoging og kvotehandel der me kan sleppa ut meir CO2 dersom Brasil reduserte si avskoging. Brasil gjekk hardt ut og sa at dei aldri vil ta imot pengar for at Noreg kan sleppe ut meir CO2.

Den andre kontroversen er at Noreg foreslo å endre formålsparagrafen slik at han ikkje inkluderer menneskerettar. Dette punktet har vore svært viktig for sivilsamfunn, fagrørsla og urfolk.

Kontroversane gjorde at Noreg fekk den lite attraktive prisen «Dagens fossil», som vert delt ut dagleg i Paris.

Ungdommane frå Telemark tykkjer det er flaut og kvalmande at Noreg står bak eit slikt forslag.

LES OGSÅ: Gjer inntrykk korleis Noreg blir framstilt

Folkets klimatoppmøte
– Vi må heim og kjempe, seier Maiken.

Saman med Mats og Øyunn står ho i eit slags samfunnshus i forstaden Montreuil, laurdag føremiddag. Her har aktivistar, miljøvernarar og representantar frå sivilsamfunnet samla seg til Folkets klimatoppmøte. Mange er kritiske til klimaavtalen som ministrane forhandlar fram. Men her er også mykje optimisme, og alternative forslag.

– Noreg er i ferd med å bli det nye Kanada, seier den kanadiske aktivisten Pat Mooney frå scena.

Landet hans er i ferd med å betra sitt klimarykte, medan Noreg går motsatt veg.

I salen sit tre strikkegenserkledde NU-arar heilt stille. Dei har fått eld til oljebålet frå debattantane på scena.

– Vi må endre tankegongen vår om fossil energi og avskoging. Dette gjeld i aller høgste grad Noreg, seier Øygunn.

Dei er klare for å reise heim og formidle at Noreg må ta ansvar.

– Vi må ta ansvar fordi det er vi som er skurkane. Vi er ikkje betre enn alle andre, men vi kan bli betre. No må vi heim og kjempe, fordi det er lettare å fikse ting heime enn i andre land, seier Maiken.

Les meir frå klimatoppmøtet her!

Natur og Ungdom har ikkje tenkt å la seg plassere i eit hjørne. Dei reiser til Paris for å demonstrere kor viktig klimaavtalen er.

Faktaboks

I desember møtest alle FN-landa til klimaforhandlingane COP21 i Paris. Der skal dei forhandle fram ein bindande klimaavtale, som regulerer kor mykje klimagassar kvart land kan sleppe ut.
183 land har meldt inn sine mål. Til saman vil dei innmelde måla gi ein temperaturauke på 2,7 grader.

Les siste nytt frå Paris her!

Denne vinteren skriv Framtida.no om klimaendringar og framtidsvisjonar, i det Fritt Ord-støtta prosjektet «Grøn vinter».

Klimaforhandlingane i Paris kan bli vendepunktet som set fart i det grøne skiftet. Om vi skal unngå grøne vintrar i Noreg og meir ekstremvêr over heile kloden, må vi ha eit alternativ til business-as-usual. Synspunkta på korleis framtidas samfunn skal sjå ut er mange og delte. Det vil vi skrive om.