Utøya-overlevande: – Brannen er terror

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Brannen er terror

Det seier Torbjørn Vereide til NRK Sogn og Fjordane.

Vereide var mellom dei overlevande etter massakren på Utøya den 22. juli 2011.

– Veldig ofte blir brannane omtala nærast som rampestrekar frå enkeltståande pøblar. Men eg meiner at det er nesten svarar til systematisk terrorisme. Når ein utfører destruktive handlingar som er designa for å skape frykt då er det terrorisme, og eg synest vi må snakke om det på den måten, seier Vereide til NRK.

Natt til søndag brann det kommande asylmottaket på hotellet Lune Huler ned til grunnen. Politiet har seinare stadfesta at brannen er påsett. Gjerningspersonane har og prøvd å setta fyr på det andre bygget på hotellet, men der fatta det ikkje eld og bygget er på det næraste uskadd.

LES OGSÅ: – Det er pinleg og unødvendig

Ein massiv innsats frå 33–34 brannfolk var med på å avgrensa skadane, og ei jakt etter gjerningspersonane vart straks sett i sving. Fleire patruljar var ute og leita etter ein svart bil, utan fangst.

Tysdag ettermiddag gjekk politiet ut og sa det var ein mørk Mercedes dei jakta på. Onsdag føremiddag står politiet framleis utan nokre gjerningspersonar. Seinare i veka får lokalt politi hjelp frå Kripos som kjem med ein hund som er spesialtrent på å finna spor etter brennbare væsker på branntomter.

LES OGSÅ: Har gjort funn som tyder på at brannen er påsatt

– Eg blir redd, eg skulle ønske at det ikkje var tilfelle og at folk klarte å halde seg for gode til å bruke valdelege og destruktive handlingar for å ytre sine politiske meiningar. Dette er med på å putte bensin inn i hatmaskineriet som til slutt fører til gjennomføring av handlingane som blir snakka om, seier Vereide ti NRK.

Les saka i Nordhordland!