Ny E16: – Bortkasta pengar og ingen klimagevinst

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny E16: – Bortkasta pengar

Tysdag bestemte regjeringa seg på å bruke 33 milliardar kroner på å bygge ny E16 og jernbane mellom Bergen og Voss.

– Dette er ein håplaus Ole Brumm-tankegang. Ein parallell tog- og vegsatsing vil gjere passasjergrunnlaget til jernbana mindre, og dessutan «ete opp» klimagevinsten ein kunne fått frå at folk heller tok toget framføre å køyre bil, seier 2. nestleiar i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord.

For dagens E16 meiner Natur og Ungdom at ein må sikre vegen, men utan å bygge ut kapasiteten:

– Dagens E16 kan rustast opp med midtrekkverk og andre trafikktryggleikstiltak. Ein vil få tilstrekkeleg med transportkapasitet gjennom dobbeltsporet, ettersom jernbane er ein langt meir arealeffektiv måte å transportere på enn bilveg, fortset Eiterjord.

LES OGSÅ:Statsbudsettet stinkar asfalt

– Dessutan har både Stortinget og Hordaland fylke vedtekne mål om å få ned utsleppa frå transportsektoren.

Natur og Ungdom støttar derfor K3 eller K4, men ikkje dei alternativa som går ut på å bygge ut kapasiteten på E16. Organisasjonen er veldig positiv til nytt dobbeltspor og kortare reisetid mellom Voss og Bergen, og at Bergensbana blir korta ned, avsluttar Gaute Eiterjord.

LES OGSÅ: Går for billegløysing over Hardangervidda

Slik blir vegen og jernbanen:

Faktaboks

Slik blir vegen mellom Voss og Bergen:
• Kuttar reisetida med bil Arna-Voss frå 72 til 46 minutt (føresett fart på 90 km/t).
• Meir enn halverer reisetida med tog Arna-Voss frå 63 til 24 minutt.
• Prioriterer åtte lange, nye tunnelar for både bil og tog.
• Ny firefelts møtefri bilveg mellom Arna og Trengereid, og tofelts veg vidare til Voss. I dagen vil vegen ha midtrekkverk, i tunnelane vil det vera midtfelt.
• Nytt dobbeltspor for Bergensbanen på heile strekninga mellom Bergen og Voss, med seks stasjonar: Voss, Bolstad, Dale, Stanghelle, Vaksdal og Arna.
• Tunnelane til tog og bil skal byggjast ved sida av kvarandre, og fungera som rømmingsvegar for kvarandre.
• Kostnaden blir 33 milliardar kroner.