Mobiliserer for framleis nynorsk i Møre og Romsdal
Fleirtal for forslag om å sjå på om bokmålet kan sleppa inn i Fylkeshuset.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fryktar bokmål i Møre og Romsdal
Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok tysdag å senda vidare eit forslag om å greia ut om fylkeskommunen kan bli språknøytral.
– Vi snakkar om behovet for modernisering og forenkling av offentleg sektor. Som ein del av det meiner eg det er på tide at dei som jobbar i fylkesadministrasjonen slepp å bruka tid på språkvask og korrektur, seier Monica Molvær (H) ifølgje Sunnmørsposten. Ho fekk fleire for oversendingsforslaget sitt i fylkestinget.
Sentrumspartia og enkelte andre representantar gjekk mot, men kom i mindretal. Dermed ligg det an til ein heftig språkdebatt til våren.
LES OGSÅ: – Ta stilling til språket – ikkje bli nøytral
Fryktar språknøytral fylkeskommune
Leiar i Miljø-og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter (Sp) seier til Framtida.no at ho er redd fylkeskommunen kan bli språknøytral. Det kan skje etter at fylkestinget truleg skal handsama saka i april.
– Me har ein jobb å gjera for å argumentera godt for kvifor me framleis må halda på nynorsken og ta det språklege, kulturelle og historiske ansvaret me har, seier ho.
– Eg håpar alle gode krefter er med på å mobilisera, legg ho til.
LES OGSÅ:– Samanslåingar skvisar nynorsken