Bonden Kisilu Musya frå Kenya fryktar dei mest sårbare vert oversett i klimaavtalen.

Tora Hope/Andrea Rygg Nøttveit
Tora Hope/Andrea Rygg Nøttveit

– Det er mykje større enn Nobelprisen, seier ein representant for den taiwanske Tang-prisen, og stikker til meg ein brosjyre. Bak han, under ein poster for Asias svar på Nobelprisen, sit Gro Harlem Brundtland.

Ho vart i 2014 den første vinnaren av den taiwanske prisen, for sitt arbeid som «gudmor» for berekraftig utvikling.
Under COP21 i Paris var Brundtland til stades, og då Tang-prisen hadde eit arrangement med henne måndag, breidde ryktet seg raskt blant norske deltakarar på møtet.

Kisilu slapp til
Besteforeldrenes klimaaksjon var tilstades for å syngje, og mange var interessert i å få ein bit av berekraftsgudmora.

Medierådgjevaren haldt dei fleste på ein armlengdes avstand, men Kisilu Musya fekk kome til.

Musya er kjend frå dokumentarfilmen: Kisilu: The Climate Diaries.

LES OGSÅ: Kisilu kjenner klimaendringane på kroppen

Filmen, som er ein utvida versjon av Kisilu: Wind of Change frå 2012, er ein del av Spire sin kampanje for klimarettferd under klimatoppmøtet i Paris i desember.

– Lokale, fattige, bønder får ikkje sjansen til å delta i desse framtidsplanane, men dei har mykje å bidra med og fortelja. Dei har vitnemål frå eit heilt liv om kva som skjer hjå grasrota, seier Kisilu.

Han oppmodar verdas leiarar til å ikkje utelate den store majoriteten av verdas fattige, som er dei som vert hardast råka av klimaendringane.

LES OGSÅ: Gjer inntrykk korleis Noreg blir framstilt

Fryktar at fattige land ikkje blir høyrt
Desse dagane fryktar mange at nettopp dette skal skje. Når ministrane no skal ta føre seg dei avgjerande spørsmåla i klimaavtalen, er dei vanskelege spørsmål om klimafinansiering, byrdefordeling, klimarettferd og omsyn til menneskerettar, og tap og skade, framleis ikkje løyst.

Ifølgje Naturvernforbundet, som er tilstades på sjølve forhandlingane, vert til dømes utviklingsland stadig meir opprørt over USA og andre land sitt forslag om å endre forpliktinga til å bidra med finansiering av klimatiltak frå å gjelde «utvikla land» til å gjelde «utvikla land og andre land som er i stand til å gjere noko».

Les meir frå klimatoppmøtet her!

Gro Harlem Brundtland og Bestefoeldrenes klimaaksjon
Klimaaktivistane frå besteforeldrenes klimaaksjon fekk møta tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland, som no jobbar med organisasjonen The Elders.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

LES OGSÅ

ANNONSE