Togreisa skal gå på berre 24 minuttar.

NPK-NTB
NPK-NTB
Faktaboks

Slik blir vegen mellom Voss og Bergen:
• Kuttar reisetida med bil Arna-Voss frå 72 til 46 minutt (føresett fart på 90 km/t).
• Meir enn halverer reisetida med tog Arna-Voss frå 63 til 24 minutt.
• Prioriterer åtte lange, nye tunnelar for både bil og tog.
• Ny firefelts møtefri bilveg mellom Arna og Trengereid, og tofelts veg vidare til Voss. I dagen vil vegen ha midtrekkverk, i tunnelane vil det vera midtfelt.
• Nytt dobbeltspor for Bergensbanen på heile strekninga mellom Bergen og Voss, med seks stasjonar: Voss, Bolstad, Dale, Stanghelle, Vaksdal og Arna.
• Tunnelane til tog og bil skal byggjast ved sida av kvarandre, og fungera som rømmingsvegar for kvarandre.
• Kostnaden blir 33 milliardar kroner.

LES FAKTALUKK FAKTA

Regjeringa går inn for det såkalla K5-alternativet til 33 milliardar kroner for veg og tog i mellom Voss og Bergen.

Avgjerda – som omfattar E16 og Bergensbanen – vart kunngjort av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) og næringsminister Monica Mæland (H) i Indre Arna tysdag.

– Dette er ein strekning som på grunn av vår vakre, ville natur er fantastisk å oppleve, men ikkje fult så fin å køyre, seier samferdselsministeren.

LES OGSÅ: Dette blir hovudrutene mellom aust og vest

Alternativet inneber blant anna at reisetida med bil mellom Voss og Bergen blir kutta frå 72 til 46 minutt. For tog blir tida meir enn halvert, frå 63 til 24 minutt.

Samferdselsministeren omtalar løysinga som ein «Rolls-Royce».

– Ikkje fordi ho er luksuriøs, men ho er veldig kostbar, seier han.

Ifølgje NRK inneber K5– løysinga åtte lange tunnelar for både veg og bane, og tunnelane skal fungere som rømmingsvegar for kvarandre. Blant anna blir det ny firefeltsveg mellom Arna og Trengereid og tofeltsveg vidare til Voss. For jernbanen blir det nytt dobbeltspor på strekninga Bergen-Voss. (©NPK)

LES OGSÅ: Går for billegløysing over Hardangervidda

Slik blir vegen:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

LES OGSÅ

ANNONSE