Kristiane (11) skal møte leiaren i FNs klimapanel

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kristiane Ingeborgdatter Reigstad (11) frå Hamar oppmoda klima- og miljøminister Tine Sundtoft om å ta borna på alvor i Paris for nokre dagar sidan. No sit ho i mellomgangen på toget til Paris, og innrømmer at ho er litt trøtt.

Kristiane er med i Miljøagentene, barnas miljøorganisasjon. Laurdag overleverte Miljøagentane sine klimakrav til den norske delegasjonen, ved sivilsamfunnsrepresentant Johanne Houge.

Seinare skal ho vera med på å møte leiaren i FNs klimapanel, Ho Song Li.

Meiner Noreg må ta ansvar
Som Miljøagent sprer Kristiane kunnskap om klimaproblemet til andre barn.

– Vi syns at Noreg må ta ansvar. Vi må gjere det vanskelegare å forureine, lettare å reise kollektivt og trappe ned oljeprodusjonen. Det er barnas klimakrav, forklarar Kristiane.

Ho har vore med å lage Barnas klimarapport, der Miljøagentane har samla inn svar frå barn i heile Noreg om kva dei vil gjere med klimaendringane.

– Første gong eg lærte om klimaendringane vart eg litt skremt. Tanken på at permafrosten kan smelte og at stillehavsøyene kan bli oversvømt, er skummel. Men så vart eg meir optimistisk. Viss vi kuttar ned på olje, så blir det mindre klimautslepp, seier ho.

Ane Marte Rognskog er organisasjonsrådgjevar i Miljøagentane, og reiser saman med seks av dei til Paris. Foto: Andrea Rygg Nøttveit.

Spent på avtalen
Som Miljøagent har Kristiane fortalt om klimaendringane på ulike skular. Ho meiner at mange er interesserte, men at vi trenge å lære meir.

– Eg syns det burde vere meir om klima og miljø i naturfag og samfunnsfag på skulen, seier ho.

No er ho spent på. klimaavtalen i Paris.

– Dei skal forhandle om kven som skal betale for klimatiltak, om alle planane for kutt som er levert inn, kor mykje landa skal kutte med, og om avtalen skal vere juridisk bindande, forklarer ho.