Manglar statistikk over dødsårsaker ved asylmottak

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Minst 25 mindreårige asylsøkjarar ved norske mottak har døydd sidan 2006. UDI fører statistikk over dødsfalla, men ikkje over dødsårsakene, skriv Klassekampen.

Ifølgje avisa vart fire av dei nemnde asylsøkjarane under 18 år drepne, mens minst seks drukna. Ein del av sakene er kjende, men Utlendingsdirektoratet har ikkje ført statistikk over dødsårsakene.

«Viss ein asylsaker døyr, blir dødsfallet, men ikkje årsaka, registrert i UDIs saksbehandlingssystem. Alle som døyr i Noreg, uansett om det er nordmenn, turistar eller asylsøkjarar, skal registrerast i dødsårsaksregisteret», skriv presserådgjevar John Olav Kroken i UDI i ein e-post til Klassekampen.

LES OGSÅ: «Svært få kommunar er interessert i barna som flyktar»

Veit ikkje kvifor dei døyr
Men heller ikkje dødsårsaksregisteret har sikker informasjon som kan slå fast om ein død person har budd på asylmottak. Fram til 2012 inneheldt registeret ikkje data for personar som ikkje er permanent busette i Noreg.

Det betyr at norske styresmakter ikkje veit korleis eller kvifor barn på asylmottak døyr. Klassekampen har gjort ein gjennomgang som viser årsaka til 16 av dei 25 dødsfalla sidan 2006: Fire har vorte drepne, seks har drukna, éin har døydd i ei ulykke, fem har døydd av ulike former for sjukdom.

«UDI tar sjølvsagt unaturlege dødsfall alvorleg og jobbar mykje med førebygging. Alle dødsfall i mottak blir følgt opp av helsevesenet, og eventuelt politiet. Heldigvis er det få dødsfall, og det kan vere mange og samansette årsaker til dei», skriv Kroken i e-posten. 

LES OGSÅ: Vanskelegare å forsikre asylmottak