Gull for grøne skogar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka er henta frå Universitas

Berre i haust har Indonesisk regnskog på storleik med Telemark fylke vorte jamna med jorda. Vi veit at nedskjæringa av desse grøne områda både svekkar jorda si lungekapasitet og etterlèt seg enorme mengder Co2, metan og andre klimaskadelige gassar i atmosfæren, som igjen varmar opp planeten. Klimaforskarar har i mange år ropt varsko. Planter, dyrearter og framtidige medisinar går kvar dag tapt. For ikkje å snakka om dei direkte påkjenningane for innbyggjarar og urbefolkning. Likevel klarer vi ikkje å stoppa det. Den usynlege handa til kapitalismen blokkerer ønsket til miljøaktivistane om å stansa nedhogginga. For ved å brenna ned store skogområde kan grådige palmeoljeselskap endeleg ekspandera, enno profittera og tilfredsstilla behovet til marknaden av grisebillig palmeolje.

Dramatikken som spelar ut seg i Indonesias regnskog er berre eit av mange døme på skadelege naturinngrep utført av menneske på jakt etter forteneste. Sjølv om mange av årsakene til klimaendringane kjem av den industrielle verksemda til menneska og umettelige ekspansive vekst, meiner mange økonomar likevel at marknaden er sjølve nøkkelen og løysinga på klimakrisa. Men er det eigentleg mogleg å byggja eit berekraftig samfunn med kapitalismen? Kan vi redda klimaet med marknadskreftene?

LES OGSÅ: Det grøne skiftet er årets ord

Ressursøkonomen Jonathan M. Harris ved Tufts University i Boston trur det. Han foreslår tre klimavennlege marknadsløysingar som både reduserer utslepp, opprettheld inntekter og reduserer kostnader. Det aller første vil vera å flytta subsidiane på fossile energikjelder over på fornybare kjelder. Statar har i lang tid subsidiert fossilindustrien med store summar, som er med på å forlenga omstillinga. Ei medviten flytting av subsidiar og finansiering vil kunna igangsetja lågutsleppsnæringane som må veksa om vi kan få til det grøne skifta.

Deretter må ein kraftig oppjustering av ein internasjonal karbonskatt til, meiner Harris. Nasjonalstatane må altså betala meir for sine utslepp. Dette er i gang i fleire enkeltland, men ikkje globalt. Skatteinntektene som kjem inn gjennom CO2-avgifta kan igjen finansiera skattelettingar for grøn energi. Nok ei rask løysing som spelar på lag med kjende marknadsmekanismar.

Det tredje, og kanskje det aller meste omstridde tiltaket, er ein revitalisering av handelen med klimakvoter. Systemet vart innført etter Kyoto-avtala og lèt føretak og styresmakter kjøpa og selja utsleppsløyver av kvarandre for at klimakutt vert gjort mest effektivt.

LES OGSÅ: Klimatoget på veg til Paris

Fleire økonomar stiller seg bak Harris’ tiltak. Brukast dei saman, vil ein mest effektivt få grøn vekst og mindre utslepp utan store kostnader. Likevel er mange skeptiske. For fram til no har ingen av tiltaka vist seg som særleg effektive, realistiske eller ført til lågare utslepp av klimagassar.

Til dømes held den globale fossilindustrien fram med å bli favorisert av statar og næringsinteresser, og i 2012 mottok fossilselskap mellom 775 milliardar og éin trillion dollar i subsidiar. Ifølgje Steffen Kallbekken, forskingsleiar på CICERO senter for klimaforsking, vil sentrale statar som USA, aldri binda seg til ei global ordning som skattelegger Co2-utslepp. Dette gjer at ein vert felles internasjonal karbonprispolitikk vert umogleg, og at dei som forureiner slepp billeg unna.

Kallbekken meiner òg at handel med klimakvoter har minimal klimaeffekt. Kvoteprisane er altfor lave og kvotene altfor mange til å redusera utsleppa. Særleg miljørørsla er sterkt imot ordninga. Både fordi den hindrar vekst i u-land samstundes som i-landa held fram å tena gode pengar på å spy ut klimagassar. I 2013 kravde difor heile 130 miljøorganisasjonar å avvikla EUs kvotesystem.

Eit etterlengta alternativ til dette kjem frå den anerkjende miljøøkonomen Pavan Sukhev. Han har hausta mykje omtale for teorien sin om prissetjing av naturen. Ved å gje økosystem, artar og naturtenester ein verdi, vil vi betre klara å verna naturen fordi vi forstår kor mye vi tapar ved å rasera den. Gjennom kost-nytte analysar vil ein til dømes avgjera kva som er mest verd av å verna ei myr eller byggja ein ny motorveg.

Men å vurdera kva fotosyntesen, våtmarker eller dverggåsa tilsvarar i kroner og øyre kan vera problematisk. Ikkje berre er det økonomisk utfordrande, nokon vil meina det er etisk uforsvarleg. Kva vert verdien av ei art som vert sett på som svært samfunnsnyttig i forhald til verdien på ei art knapt nokon kjenner? Ynskjer vi ein kommersialisering av naturen og å setja han på anbod til høgstbydande? Økofilosofen Arne Næss vrir seg i grava.

LES OGSÅ: 2-gradersmålet – kva er det?

Ein av dei fremste kritikarane til kapitalismen er forfattar og journalist Naomi Klein. Ho problematiserer sjølve kjerneelementet i dagens samfunn: Den antroposentriske haldninga til vesten, med mennesket i sentrum, der det er planeten som må tilpassa seg oss og ikkje omvendt. Oppstår det problem kjøper vi oss anten ut av det eller finnar opp betre teknologi så vi kan halda fram som før.

I staden for «business as usual» på premissane til marknaden, er Kleins løysing radikal omstilling. For henne tyder det offensiv politisk leiing, ei utbygging av offentleg sektor og meir regulering. Marknaden må spela ei mindre rolle enn den har spelt fram til no. Dette har òg eit demokratisk aspekt ved seg. For viss ikkje politikarane leverer, kan folket vraka dei. Det er ikkje like lett viss makta ligg hos næringslivsdirektørar.

Kleins tankar høyrest kanskje lovande ut, men etter tiår med eit globalisert og liberalt penge- og handelssystem kan det verta vanskeleg å omstilla økonomien i tide. Samstundes bør ein ikkje la vera å diskutera kapitalismen som system og kva det gjer med klimaet. Sjølv økonomane veit at kapitalismen er langt frå perfekt, men som dei gjerne svarar: Kva er eigenlege alternativet?

Ein mellomløysing kan vera ein regulert marknadsøkonomi, med strenge, bindande utsleppsmål og auka tilrettelegging av grøne marknadsmekanismar. Då slepp ein å skrinleggja den frie marknaden. For det treng ikkje å vera ein motsetnad mellom eit marknadssystem, auka regulering og politisk styring. Ifølgje økonomane kan kapitaløkonomien vera ideell for mange gode klimatiltak. Men kvifor har det skjedd så lite, då? Økonomane peikar på politikarane. For så lenge politikarane ikkje gjer eller vil nok, vil heller ikkje marknaden følgja etter. Så kan ein jo kanskje undra over kva som kom først – politisk avmakt eller kapitalismen.

Systemkritikarane har nok rett i at om målet er å stansa klimaendringane, vil for mykje marknadsmakt vera katastrofalt. Dei siste femti åra har halvparten av regnskogen i Indonesia vorte øydelagt. Her har profittjagande palmeoljeselskap og marknadskrefter vore med på å smørja hjula, medan politikarane sit med tomme blikk og ser på.

Dagens marknadssystem er utvilsamt med på å forårsaka og oppretthalda ei rekkje miljø- og klimaproblem. Likevel treng ikkje det tyda at marknadssystemet nødvendigvis er overmode og at det må finnast opp ein ny økonomi for å bremsa klimaendringane. Kapitalismen kan bidra med løysingsforslag til klimakrisa, men med handlingslamma politikarar ser det ut til at tiltaka vert verande i det blå. Og viss det er politikarane som er rota til problemet, kan ein splitter ny økonomi både vera poenglaust og sløsing med tid og pengar. Då spørst det om det er noko vi skal ta oss råd til, og om vi ikkje ser regnskogen for berre tre.

LES OGSÅ: Dei er ein del av eit troll med mange hovud