Klarer du alle spørsmåla?

mm

– På denne tida av året må mange av medlemmane våre vise kva dei kan på skulen. Klimatoppmøtet er på mange måtar eksamen for klimaministeren. Det er viktig at ho gjer ein så god jobb som mogleg desse vekene, så då ser me det som naturleg å teste ho, seier 2. nestleiar i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord

«Eksamenen» er utforma med fleirvalsspørsmål, som set fokus på område der Natur og Ungdom meiner politikken til regjeringa strid med nødvendige ambisjonsnivå og klimatiltak. Eit av spørsmåla er til dømes «Kva er smertegrensa for å unngå at dei mest lågtliggande øystatane søkk i havet?»

Med global oppvarming på to gradar vil dei lågtliggande øystatane og mest sårbare landa slite. Den globale oppvarminga må derfor ikkje stige meir enn maksimalt 1,5 gradar. Skal me derfor greie å stogge oppvarminga av kloden er det ikkje plass til meir norsk olje, og derfor meiner me at regjeringa må stanse oljeleiting i arktiske område. Me må heller satse på fornybar energi, fortset Eiterjord.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen!

Natur og Ungdom ønskjer at Sundtoft skal gjere det bra på eksamen, og gav ho derfor også ein grundig jukselapp i same slengen.

– For at me skal kome fram til ei avtale som alle kan einast om, og dermed hjelpe ministeren å stå på eksamen, må avtala bli rettferdig. Då må ministeren lese jukselappen grundig, og skjønne at ein av tinga Norge må gjere er å auke bidraget til finansiering av klimatiltak og klimatilpassing i utviklingsland.

Sjekk ut eksamenen som klimaministeren fekk!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

LES OGSÅ

ANNONSE