Dei er del av eit troll med mange hovud

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I hovudgata i sentrum av Fredrikstad er det folketomt. Sykkelteljaren framføre Rådhuset lyser grønt mot meg. Klokka er 07.23 og så langt har 21 syklistar passert den.

Fram til 2014 var Fredrikstad med i «Framtidens byer», regjeringa sitt samarbeid med dei største byane. No satsar byen på Bypakke Nedre Glomma, på vidaregåande vert det satsa på miljø, kommunen har gjort byferja over elva til den trivelege Gamlebyen gratis, og planane om byfortetting er ambisiøse.

Eg har høyrt rykte om at Fredrikstad er ein miljøby.

LES OGSÅ: «Før rasa ein stein eller to, no er det skremmande massar»

Miljøby
– Å, vi likar ikkje det ordet.

På eit møterom i Fredrikstad kommune sit Anne Skauen og Grete Rasmussen. Dei to er miljøvernkonsulentar i Fredrikstad kommune, og sannsynlegvis dei som har best oversyn over kva Fredrikstad gjer på klima- og miljøfronten.

Skauen og Rasmussen vil helst ikkje bruke ordet miljøby. Det er å leggje seg til rette for hogg, kan ein få inntrykk av.

– Det er eit ord vi helst ikkje brukar i dag, på grunn av det er knytt til ei satsing i Fredrikstad på 80-talet. I tillegg er det eit ord som fort skapar negativ respons, det vert så lett å måle at ein ikkje lever opp til det, forklarar Skauen.

Samstundes meiner dei absolutt at Fredrikstad har ei solid miljøsatsing. Meir om det litt seinare.

LES OGSÅ: Alfred skapar den framtida han vil ha

eller eldsjelar på kvar si tue?

Ute har det blitt lyst. Eg har møtt elevar som går på Miljøforsk-satstinga på Fredrik II vidaregåande skule, som får skryt av Ludvigsen-utvalet for å vere framtidsretta. Eg har teke byferja over til Gamlebyen. Den er gratis og går kontinuerleg i rushtida.

Eg har også snakka med to lokale eldsjeler. Dei vil ikkje heilt gå med på at Fredrikstad fortener eit mijørykte.

Lærar Sigrun Brustad Nilsen står bak initaitv som Bytteboden Fredrikstad og Facebook-kampanjen «Stygge poteter – ja, takk». Ho meiner det i stor grad er eldsjelar på kvar si tue som driv miljø- og klimaarbeidet i kommunen.

– Månefestivalen er til dømes veldig visjonære i klima- og miljøtankegangen. Dei inspirerer andre til å tenkje på temaet. Den økologiske kafeen Green House er eit anne døme på nokon som har turt å satse. Miljø- og klima er nok en del av kommunens arbeid, men dette vert ikkje godt nok kommunisert til folk flest, meiner ho.

Heller ikkje Torill Frydenlund, som er dagleg leiar i musikkfestivalen Månefestivalen, er særleg imponert. «Månen» er kjend for sin tydelege grøne profil, med eige gartneri og eit økologisk inspirasjonstorg til informasjon og inspirasjon kvart år. På festivaltorget er det berre økologisk mat, og initiativtaker Torill stod tidlegare bak Noahs Park, som var eit informasjonssenter om miljø i byen.

Både Frydenlund og Brustad Nilsen stod på liste for Miljøpartiet Dei Grøne ved lokalvalet i haust.

– Mykje av engasjementet har stoppa sidan tidleg på 2000-talet. «Framtidens byer»-prosjektet var mest internt kommunalt, og ikkje så utadretta. Mitt inntrykk er at Fredrikstad ikkje utmerkar seg, sjølv om det sikkert er noko bra her også, seier ho i dag.

LES OGSÅ: Over 680.000 deltok i klimamarsjar

Meiner kommunen har hårete mål

– Så ille er det ikkje, seier miljøvernrådgjevarane i Fredrikstad kommune.

Rasmussen og Skauen jobbar på ulike frontar for å redusere utsleppa i kommunen.

– Vi jobbar både med å feie for eiga dør, og med å gjere det enklare for innbyggjarane å ta miljøvenlege val. Eg vil ikkje på nokon som helst måte hevde at vi gjer alt og nyttar handlingsrommet vårt fullt ut. Men – vi gjer ein god del, seier Rasmussen.

Fredrikstad har ein klima- og energiplan fram mot 2017. Blant alle dei saftige punkta i planen, er arealplanlegging eit av dei viktigaste.

Eller som miljøvernkonsulent Rasmussen seier:

– Arealplanlegging er all framtidig transports mor.

Ho utdjupar:

– I Fredrikstad har vi som mål at 60 prosent av nye bustader skal komme i sentrum. Slik planlegg vi for eit samfunn med mindre bilkøyring, og meir sykkel og kollektivtransport.

Eit anna døme på kommunale miljøtiltak, er då kommunen gjorde byferja til Gamlebyen gratis i 2013.

– I 2012 tok 300. 000 personar ferja. Året etter var talet 1 million. Alt på grunn av at vi fjerna ti kroner, fortel Rasmussen.

Taktikken er å støtte opp om det som er bra, framføre å kritisere, fortel ho. Dette gjer kommunen mellom anna gjennom det dei kallar «Miljøårshjulet», som inneber ulike aktivitetar som rettar seg mot publikum gjennom heile året.

Blant arrangementa er Earth Hour, Sykle til jobben-aksjonen, Den store garasjesaldagen der folk sel brukte ting ved å registrere utsalet sitt på eit digitalt kart, ein miljødag som er ein årleg introduksjon til miljø for barnehagar, og markering av Europeisk mobilitetsveke kvart år.

Dagen etter at Framtida.no har vore i Fredrikstad inviterer kommunen syklistar til å skifte til piggdekk. Syklistane får bollar, kaffi og avslag på omlegging. Målet er at fleire skal sykle vinteren gjennom.

LES OGSÅ: Den store klimabløffen

Utfordrande å jobbe langsiktig
Men like enkelt er det ikkje alltid å vere klimaets lange arm i kommunen. Fredrikstad har, som del av satsinga «Bypakka Nedre Glomma», mål om at ikkje noko av auka i transport skal skje i personbil.

Samstundes har staten flytta sjukehuset ut av sentrum. Dette meiner miljøvernrådgjevarane vil føre til meir bilkøyring.

– Det er eit døme på kor vanskeleg det er å jobbe langsiktig, seier Skauen.

Og det er noko av utfordringa ved å jobbe med klima og miljø i det offentlege.

– I motsetnad til i ei bedrift, så har kommunen utruleg mange ulike mål. Det er på ein måte eit troll med mange hovud. Det er ikkje gitt at alle målsetjingar alltid kan nåast, og ein må vere litt diplomatisk og prøve å få til det som er mogleg, seier Rasmussen.

– Ein kjem ingen veg om ein ikkje er litt diplomatisk. Vi ser at dei prosjekta som fungerer best, er dei der samarbeidet er breiast, seier Skauen.

– Men veldig ofte vert eg positivt overraska over mange av enkeltmenneska i kommunen. Mange har mykje kunnskap og tek med lettheit ordet «berekraft» i munnen. Eg trur berekraftideen er godt forankra i Fredrikstad, seier Rasmussen.

Faktaboks

Døme på Fredrikstad kommunes klimaarbeid:

Kommunen feier for eiga dør ved å ta klimavenlege val i drifta av verksemdene. Det vert kontinuerleg arbeidd med ENØK i kommunale bygg, og kvart år går energiforbruket ned. Kommunen satsar også på el- og biogassbilar og har over 40 slike køyretøy. 35 prosent av kommunens verksemder er Miljøfyrtårn-sertifisert og det vert jobba med å få fleire.

Kommunen jobbar også for å leggje til rette for at befolkinga skal kunne ta miljøvenlege val, her er areal- og transportpolitikken og sykkelarbeidet viktig.

Kommunen har delt ut 500 000 til eit energiselskap for å støtte hushalda for å kunne etablere solcelleanlegg på taket. Dei deler også årleg ut 100 000 kroner til eit energiselskap for å støtte hushalda til å kunne etablere solcelleanlegg på taket. Og dei deler ut 100 000 kr. årleg til borettslag slik at dei kan etablere ladestasjonar for bebuarar som ønskjer å kjøpe elbil. Kommunen har i tillegg eit kommunalt foretak, som produserer biogass som dei oppgraderer til transportformål slik at 100 av distriktets bussar kan frakte passasjerane tilnærma klimanøytralt.

Kjelde: Skauen og Rasmussen