– Eg er stolt og glad.

mm
Faktaboks

Ruth Lillegraven er fødd 21. oktober 1978 i Granvin i Hardanger og er busett i Lommedalen i Bærum.

I 2012 fekk Lillegraven pris frå Alfred Andersson-Ryssts fond. Året etter fekk ho Brageprisen for Urd. For same boka fekk ho òg Bokbloggarprisen i 2014.

Les meir om Ruth Lillegraven på Allkunne.no!

LES FAKTALUKK FAKTA

Ruth Lillegraven skal vere festspeldiktar når Dei nynorske festspela blir arrangert for 25. gong i juni neste år. Publikum kan sjå fram til å bli betre kjend med både festspeldiktaren og forfattarskapen hennar under Festspela i Ørsta og Volda 23. – 26. juni.

– Eg er stolt og glad over at eg skal få vere festspeldiktar under Dei nynorske festspela neste år. Det er ikkje så mange festivalar som har slike «verv», det gjer det jo endå meir stas. Dessutan er eg i flott selskap – det er mange eminente folk på lista før meg, seier Lillegraven sjølv.

Ho fortel at ho har inntrykk av at det blir ein del ulike oppdrag, med mange høve til å møte publikum og lesarar, og kanskje også få framheve nokre andre forfattarar ho sjølv set høgt.

LES OGSÅ: Brageprisen til Lillegraven

Lillegraven er lyrikar, kjent for vakre og gjenkjennelege bilete i eit enkelt, men verknadsfullt språk. Ho debuterte i 2005 med Store stygge dikt. Seinare har Lillegraven gitt ut romanen Mellom oss (2011), som er ei episk slektshistorie, og diktsamlingane Urd (2013) og Manilahallen (2014). I 2012 fekk Lillegraven pris frå Alfred Andersson-Ryssts fond. Året etter fekk ho Brageprisen for Urd. For same boka fekk ho òg Bokbloggarprisen i 2014. Lillegraven har også omsett dikt, skrive fleire barnebøker og samarbeidd med ulike musikarar og kunstnarar.

LES OGSÅ: Nynorske bøker vinn oftare prisar

– Vi har følgt Lillegraven heilt sidan debuten, og ser fram til at ho skal få setje sitt preg på neste års festspel. Med Lillegraven som festspeldiktar får vi også eit godt høve til å løfte fram lyrikken som ein levande og aktuell sjanger, seier programansvarleg for Dei nynorske festspela, Åshild Widerøe. 

Dei nynorske festspela blir arrangert i Ivar Aasen-tunet og andre stader i Ørsta og Volda 23. – 26. juni.

Meld deg på NYHENDEBREVET vårt om BØKER!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06
ANNONSE