Beskjeden er klokkeklar, gløym lange raudlakkerte negler!

Beate Mork, Møre-Nytt
Beate Mork, Møre-Nytt

Å møte til klatring med lange negler er visst omtrent som å leggje ut på joggetur med stilett …

– Sjølv bit eg mine godt under fingertuppane, fortel Gunnhild Bjørngaard (16) frå Volda. Ei av dei argaste jenteklatrarane i Sunnmørsk Klatreklubb. Staden er klatresiloen i Volda, eigd og drive av den aktive klubben som i år feirar tjue år. I jubileumsåret er det 177 medlemmer i klubben, 71 av desse er klatrelystne jenter.

LES OGSÅ: Full rulle med eiga symaskin

Jordnært miljø
– Det er lite jåleri og divafakter over klatremiljøet, slår Gunnhild fast. Og alltid positiv og god stemning, enten vi er inne eller ute. Sjølv har ho klatra sidan ho var tre, også i lag med fleire såkalla «kjendisar». Ikkje minst sjølvaste Jo Nesbø i klatrefeltet «Beachen» mellom Stryn og Loen, då han vitja Sunnmøre i vår for å halde konsert på Folkestad.

Tidlegare i haust oppnådde Gunnhild ein sjetteplass i NM i klatring, i klassa eldre junior. I desember deltek ho i NM i buldring i Trondheim.

– Kva er det beste med å klatre?

– Kjensla av å meistre nye flytt i veggen. Å drive med klatring er ein bra måte å øve opp både psyken og tolmodet på, meiner ho.

LES OGSÅ: Samlar på bilar med sjel

Veninnesikring
Til liks med Gunnhild har fleire av dei aktive jentene i klatreklubben blitt introdusert til sporten gjennom aktive klatrefedrar.

Slik som Live Øvsteng Ryslett (14) og Solveig Øyehaug Moe (16) frå Ørsta. Solveig er kjapp i tauet, og rask opp ruta. Ho har klatra mykje siste åra. Ho har invitert med veninna Ellinor Garen (16).

I motsetnad til Solveig, prøver Ellinor klatring for fyrste gong. Solveig er ein kyndig læremeister, og er oppteken av tryggleik. Ho forklarar og gir ros. Kameratsjekk er obligatorisk. Når Solveig står att på bakken og sikrar veninna som er oppe i veggen, held ho på mange måtar livet hennar i hendene.

LES OGSÅ: Du har ikkje sett fotballheltane slik

Jenteklatring
Jenter flest har ikkje behov for ein eigen kveld for å drive med klatring. For somme kan likevel det å klatre i lag med berre jenter fyrste gong vere springbrettet til at ein vågar seg frampå.

Som eit ledd i å rekruttere fleire jenter, inviterte difor Sunnmørsk Klatrelubb i haust til tre kveldar med rein jenteklatring. Visstnok føreslått av ein av karane i klubben! Mange nye fjes dukka opp, og kveldane vart i etterkant evaluerte som svært vellykka. På klubben sin nettstad vart jenter i alle aldrar inviterte til å kome, gjerne i lag med ei veninne, tante eller besta …

Utstyr var inkludert i prisen og dyktige instruktørar rettleia og hjelpte til. Joggesko i rosatonar vart bytta ut med tronge svasko med tåfis og friksjonssole for godt grep. Statusoppdateringane var hyppige. Det var knising, jubel, latter og rosande ord. Eve Lis Eikrem (50) frå Ørsta, endra kjapt rolle frå passiv tilskodar til aktiv debutant i klatreveggen, og enda til slutt opp med å toppe ut på fleire av rutene.

– Eg likar det leikprega med sporten, og at det er ein sosial aktivitet på tvers av alder, konkluderte Eve Lis Eikrem.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06
ANNONSE