Samlar på bilar med sjel

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta frå Møre-Nytt

– Eg har drøymt om denne bilen heile oppveksten. Han brukte å stå på parkeringsplassen bak sparebanken i Ørsta, og då måtte eg alltid stoppe og sjå på han. No er han endeleg min, seier Hallvar Snipsøyr.

19-åringen snakkar om ein 1985-modell Audi 90, i amazonasblå metallic, med grått velurinteriør og femsylindra innsprøytingsmotor. Registreringsnummeret UN14233 viser at bilen vart selt ny på Autoservice i Anders Hovden-gata. Han har «budd» i Ørsta heile livet. Den første eigaren har dei ikkje funne fram til, men dei siste åra har han vore i familien Staurset sitt eige. I vinter klarte endeleg Hallvar å sikre den kantete, tyske skjønnheita. No er ho polert med spesialmiddel og gjort klar for sommaren. Det er lite i den blanke lakken som tyder på at dette er ein 30 år gammal bil. Men så har han heller ikkje gått meir enn 98.000 kilometer, og vorte teken vare på.

– Eg vil helst ikkje ha han så mykje ute i regnet, men no klarer eg snart ikkje halde meg lenger, seier Hallvar.

LES OGSÅ: Bygger bil for framtida

Historie: Opelen til venstre, ein 1965-modell Opel Rekord Olympia, vart Kjell, faren til Hallvar, fødd i. Bilen til høgre er ein 88-modell VW Caravelle C (for Camping), som Kjell kjøpte frå Nord-Noreg.

Bilane fortel historier
Det er liten tvil om kvar Hallvar har fått bilinteressa frå. Faren Kjell kjenner dei fleste som dagleg leiar hos Sandven Ørsta, tidlegare Autoservice. Men bilinteresse dominerer også fritida til dei to.

I lagerlokalet mellom Sandven Ørsta og Brødr. Øyehaug, har Audi 90en selskap av fire andre bilar, alle med ei historie å fortelje.

– Bobla er ein sjøblå 1964-modell. Det var den fjerde bilen som vart selt etter at Autoservice opna, og den første pappa pussa opp. Den har vore eigd av ørstingar sidan den var ny.

Ved sida av står ein havannabrun 1982-modell Audi 100 GL 5E.

– Den kom pappa over då han var i Førde på eit møte. Der nede hadde dei gitt han opp, og fekk han ikkje til å starte. Bilen kom til Ørsta på hengar, men det tok ikkje mykje tid å få start på han. No er han i tipp topp stand.

Ein 1988-modell Volkswagen Caravelle C (for Camping) står også og gliser i hallen. Den vart kjøpt frå Nord-Noreg, og blir brukt til campingturar den dag i dag. Den mest spesielle historia høyrer til nok den nest eldste bilen i samlinga. Ein 1965-modell Opel Rekord Olympia.

– Den vart pappa fødd i. Tvillingbroren hans rakk dei fram til sjukehuset med, men pappa vart fødd i baksetet. Seinare kjøpte han tilbake bilen og fekk pussa han opp. Alt er originalt, bortsett frå golvteppa, som er sydd opp att.

LES OGSÅ: Sjølvkøyrande bil på vegen i sommar

Nummer 4: Denne sjøblå bobla var denfjerde bilen som vart selt på Autoservice i Ørsta

Vidareutvikla lidenskapen
Sjølv om Hallvar har arva bilinteressa frå faren, har han også vidareutvikla den.

– Pappa skal ha alt heilt originalt. Eg vil heller ikkje tukle for mykje med bilane, men eg strekker meg litt lenger enn han. Difor har eg mellom anna sett på nye felgar på Audien.

Hallvar har også vorte biten av Amcar-basillen.

– Eg og nokre kompisar var på dragrace på Sunnmørstreffet, og kom inn i Amcar-klubben den vegen. No er eg styremedlem i klubben, men eg har ikkje nokon amerikansk bil. Førebels.

For nokre månader sidan kom det nettopp ein amerikanar inn i samlinga til far og son Snipsøyr. Den har fått heidersplassen i garasjen heime hos familien Snipsøyr. For dette er noko langt utanom det vanlege. «Monsteret» gir assosiasjonar til Flåklypa Grand Prix.

– Det er ein 1929-modell Hupmobile H8 Phaeton. Dette var ein skikkeleg luksuslimousin i mellomkrigstida. Den har stått på museum i Connecticut sidan 1960-talet. Han vart kjøpt usett på nettet og frakta hit med båt. Vi har gjort undersøkingar som tyder på at det er ein av fire attlevande bilar av denne typen i verda. Etter at vi fekk tappa ut 60-talsbensinen på tanken, starta han og vart køyrt rundt i byggefeltet i Mosmarka.

Hallvar er godt nøgd med Audien sin, men han har fleire draumebilar på lista:

– Eg har lyst til å kjøpe ein amcar, og då er det ein bil eg vil ha: Ein 1969-modell Dodge Charger. Eg likar å sjå på gamle TV-seriar, og det er ein slik bil som spelar rolla som «General Lee» i 80-talsserien Dukes of Hazzard, forklarer Hallvar, som enn så lenge møter sommaren bak rattet i den amazonasblå Audien sin.